Knut Arild Hareide
Knut Arild Hareide | |||
Knut Arild Hareide Foto: Mona Høvset | |||
Fødd | 23. november 1972 (51 år) Bømlo kommune | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Kristeleg Folkeparti | ||
Yrke | politikar, forretningsdrivande | ||
Utdanna ved | Norges handelshøyskole | ||
Ektefelle | Lisa Marie Hareide | ||
Verv | Norsk samferdselsminister 24. januar 2020– i dag | ||
Føregangar | Jon Georg Dale | ||
Verv | Partileiar i Kristeleg Folkeparti 30. april 2011– 17. januar 2019 | ||
Føregangar | Dagfinn Høybråten | ||
Etterfylgjar | Kjell Ingolf Ropstad | ||
Verv | Norsk miljøvernminister 18. juni 2004– 17. oktober 2005 | ||
Føregangar | Børge Brende | ||
Etterfylgjar | Helen Bjørnøy | ||
Alle verv |
|
Knut Arild Hareide (fødd 23. november 1972 på Bømlo) er ein tidlegare politikar, og leiar for KrF frå 2011 til 2019. Hareide gjekk av som partileiar i 2019 etter at KrF valde å gå inn i regjering med Høgre, Venstre og Framstegspartiet, det sistnemnde partiet ville ikkje Hareide ha i koalisjonen.[1] Sidan 1. januar 2022 har han vore sjøfartsdirektør i Sjøfartsdirektoratet.[2]
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Hareide vaks opp på Rubbestadneset. Han var statsråd og sjef for Miljøverndepartementet (Miljøvernminister) frå 18. juni 2004 til regjeringa Bondevik II gjekk av hausten 2005. Frå 24. januar 2020 var han samferdselsminister for regjeringa Solberg.
Hareide er utdanna siviløkonom frå Norges Handelshøyskole (NHH) og har sosiologi grunnfag frå Universitetet i Bergen. Han har vore politisk rådgjevar i Kyrkje- utdannings- og forskingsdepartementet i Regjeringa Bondevik I, statssekretær i Finansdepartementet i den andre Bondevikregjeringa; og er 2. nestleiar i KrF frå 2003.
Då Hareide tiltredde stillinga som miljøvernminister 18. juni 2004, berre 31 år gammal, vart han den yngste ministeren frå KrF nokon sinne.
I det sivile livet har Hareide vore tilsett i Schibsted-konsernet sidan 1997. I januar 2007 vart det kjent at Hareide førebels trekte seg frå politikken for å satse på ein karriere i næringslivet. Frå 2007 til hausten 2009 var han tilsett som organisasjonsdirektør i Schibsted.[3]
Hareide blei ved stortingsvalet 2009 vald inn som representant frå Akershus. Han leia Transport- og kommunikasjonskomitéen på Stortinget.
Hareide er gift med Lisa Marie Hareide, saman har dei to born.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 Norum, Hallvard (17. januar 2019), «Hareide går av som partileder», NRK (på norsk bokmål), henta 3. oktober 2022
- ↑ fiskeridepartementet, Nærings-og (12. november 2021), «Knut Arild Hareide blir ny sjøfartsdirektør», Regjeringen.no (på norsk), henta 3. oktober 2022
- ↑ «Hareide gir seg i KrF», Dagbladet, 25. januar 2007
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]
- Einskildmenn
- Fødde i 1972
- Norske miljøvernministrar
- Norske samferdsleministrar
- Statsrådar i Regjeringa Bondevik II
- Statsrådar i Regjeringa Solberg
- KrF-statsrådar
- Statssekretærar i Regjeringa Bondevik II
- Politiske rådgjevarar frå KrF
- Statssekretærar frå KrF
- Leiarar for Kristeleg Folkeparti
- Stortingsrepresentantar frå KrF
- Stortingsrepresentantar for Hordaland
- Stortingsrepresentantar for Akershus
- Stortingsrepresentantar 2009-2013
- Stortingsrepresentantar 2013-2017
- Stortingsrepresentantar 2017-2021
- Lokalpolitikarar i Bømlo
- KrF-politikarar i Hordaland
- Folk frå Bømlo