Hopp til innhald

Lars Myraune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lars Myraune

Fødd5. august 1944 (80 år)
Frosta
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, bonde, offiser
Utdanna vedHandelshøyskolen BI
Luftkrigsskulen
Stabsskolen
Forsvarets høgskole
Alle verv
Lars Myraune og Erling Lae.
Foto: Stig Roar Aftret
Tidlegare fylkesråd Susanne Bratli og ordførar Lars Myraune.
Foto: Nord-Trøndelag fylkesting

Lars Myraune (fødd 5. august 1944 på Frosta) er ein norsk politikar frå Høgre. Han har vore vald inn på Stortinget frå Nord-Trøndelag fylke sidan 2009, og er dessutan leiar i Nord-Trøndelag Høgre frå 2008. Han var ordførar i Frosta kommune 2003–2009. Myraune var Høgre sin talsmann for IKT og luftfart.[1] Myraune har bakgrunn frå gardsdrift og Luftforsvaret, og avslutta den militære karrieren sin med generalmajors grad i 2002.

Yrkeskarriere

[endre | endre wikiteksten]

Myraune vart fødd på Frosta i 1944, som son av gardbrukar Gustav Myraunet (1917–1984) og husmor Julianne Sandvik (1913–1998). Han fullførte grunnskulen i 1958, gjekk framhaldsskule 1958–1960 og ungdomsskule 1961–1962. Han avla seinare examen artium som privatist i 1969. Myraune hadde tenkt å gå vegen som journalist, men gjekk heller inn i Luftforsvaret.[2] I mellomtida gjekk han befalsskule i Luftforsvaret i Stavern 1965–1966. Myraune vart uteksaminert frå Luftkrigsskolen i Trondheim i 1971, og har fullførte studiar som systemanalytikar frå NATO i Tyskland frå 1976. Same år studerte han også bedriftsøkonomi ved Bedriftsøkonomisk Institutt (BI). Han fullførte seinare Forsvarets stabsskole II i 1984, og totalforsvarskurset til Forsvarets høgskole i 1994.[3]

Myraune var sambandsbefal ved Bardufoss flystasjon 1966–1967, i tillegg til instruktør og lærar ved sambandsskolen i Luftforsvaret 1967–1969. Radarkontrollør på Gråkallen 1971–1975 og i Kautokeino 1977–1979. Ha var systemanalytikar på Mågerø 1979–1982. Han var tilbake i Trøndelag i 1980-åra då han var lærar og programsjef ved Luftkrigsskolen 1983–1987 og nestkommanderande ved Luftkontrollinspektoratet 1987–1990. Han tok dessutan over farsgarden Myraunet i 1982. Commander Mission Support Wing i Tyskland 1990–1994, luftkontrollinspektør i Kongsvinger 1994–1999, og assisterande stabssjef hos AirNorth Ramstein GE 1999–2002. I 2002 vart han generalmajor.

Lokalpolitikar

[endre | endre wikiteksten]

Myraune starta sitt politiske engasjement som 17-åring i Ungdommens kommunestyre på Frosta. Han var seinare medlem av Frosta kommunestyre 1983–1985, og var varaordførar 1985–1989. Han kom seinare tilbake til Frosta, og vart vald inn i kommunestyret i 2003. Myraune vann då til slutt kampen om ordførarvervet mot Anna Ceselie Brustad (Sp). Myraune var i sin verkeperiode fram til 2009, den einaste Høgre-ordføraren i Nord-Trøndelag.

I 2007 vart han vald på nytt etter at Høgre gjorde eit valskred og vart største parti med 37,8 prosent av stemmene (9 representantar), ein auke på 19,1 prosentpoeng frå 2003.[4][5][6][7] Myraune hadde då fått halvparten av stemmene, inkludert «slengere».[8] På førehand hadde Myraune gjeve «deltidsfrostingane» mykje merksemd, og kommenterte at «det er viktig å ha ein god dialog også med desse, for på sikt kan dei kanskje verte heiltidsfrostingar», og bidrog til at det stadig vart lagt inn nye hytte- og bustadfelt i arealdelplanen til kommunen.[4] Høgre var også spådd å gjere eit særs godt val i kommunen, ifølgje Trønder-Avisa som eit resultat av at Myraune var ein «tydeleg og profilert ordførar» som også «samla tillit på tvers av partigrensene».[9] Dessutan meinte Myraune at det var viktig med direkte kontakt med innbyggjarane, som han, ifølge han sjølv, brukte mykje tid på.[8] På førehand utelukka ein derfor ikkje at Høgre kunne få reint fleirtal i kommunestyret, med 11 av 21 representantar.[9]

Han gjekk av som ordførar då han vart stortingsrepresentant, og vart etterfølgt av dåverande gruppeleiar Frode Revhaug (H).[10]

Stortingsrepresentant

[endre | endre wikiteksten]

I februar 2008 vart Myraune vald til ny leiar i Nord-Trøndelag Høgre. Han vart seinare nominert til 1. kandidaten til partiet for Stortinget ved stortingsvalet 2009.[11] På valdagen 14. september vart han vald inn på Stortinget på utjamningsmandat. Han vart dermed Høgres første representant frå Nord-Trøndelag sidan 1993, den første stortingsrepresentanten som vart vald inn frå Frosta sidan 1921[12], og bidrog til at Høgre fekk representantar frå alle fylke for første gong sidan 1985. Myraune er medlem i Stortingets transport- og kommunikasjonskomité.[13] Han er også medlem av Stortingets delegasjon til Den vesteuropeiske union.

Myraune reknast som ein del av «bunads-Høgre», saman med andre stortingsrepresentantar som Bent Høie, Trond Helleland, Elisabeth Røbekk Nørve, Svein Harberg, Bjørn Lødemel og Frank Bakke Jensen.[14][15][16] Myraune reknar styrking av lokaldemokratiet, færre sentrale avgjersler og fleire levande bygdesamfunn som sine viktigaste kampsaker.[17][18][19] Han er også ein uttalt motstandar av sentralisering og av tilbaketrekking av norske styrkar frå Afghanistan.[15]

Utmerkingar

[endre | endre wikiteksten]

I 1995 vart Myraune tildelt den kuwaitiske frigjeringsmedaljen for å ha delteke i Gulfkrigen 1990–1991.[20] Same år fekk han audiens hos kong Harald V.[21] I 2001 vart Myraune utnemnd til riddar av Storhertug Gediminas av Litauens orden.

Stortingskomitear

[endre | endre wikiteksten]
  1. «Lars Myraune». Høyre. Arkivert frå originalen 10. september 2012. Henta 28. september 2012. 
  2. «Lars Myraune (Høyre)». Namdalsavisa. 1. september 2009. 
  3. «Myraune blir Nato-sjef på Reitan». Forsvarsnett. 13. desember 2002. 
  4. 4,0 4,1 «Valg 2007 – Frosta». NRK Trøndelag. 3. juni 2007. 
  5. «Høyre vant valget på Frosta». NRK Trøndelag. 10. september 2007. 
  6. «Valgets store vinner». Trønder-Avisa. 10. september 2007. 
  7. «Sterke personvalg i Nord-Trøndelag». Trønder-Avisa. 11. september 2007. 
  8. 8,0 8,1 «Ernas gullgutt». Adresseavisen. 12. september 2007. 
  9. 9,0 9,1 «Kraftig Høyre-vind». Trønder-Avisa. 11. september 2007. 
  10. «Siste møtet til Lars». Frostingen. 8. oktober 2009. 
  11. «Seiler opp som ny Høyre-topp». Trønder-Avisa. 6. mars 2008. 
  12. «Hyllet med trekkspill og blomster». NRK Trøndelag. 15. september 2009. 
  13. «Tidenes yngste leder av utenrikskomiteen». Høyre. 7. oktober 2009. 
  14. «Bunads-Høyre – fortsatt bak Erna». Vårt Land. 7. mai 2010. 
  15. 15,0 15,1 «Potetbonden». Trønder-Avisa. 19. september 2009. 
  16. «Generalen er klar for nytt oppdrag». Trønder-Avisa. 16. september 2009. 
  17. «Kjempar for bygde-Noreg». NRK Trøndelag. 14. juli 2009. 
  18. «Lars Myraune – Stortingskandiat for H i Nord-Trøndelag». TV 2. 2009. 
  19. «Rett Høyre mot staten». Trønder-Avisa. 8. mai 2010. 
  20. «Medaljer for Gulf-krigere». Aftenposten. 27. juni 1995. 
  21. «Fra kongehuset». Aftenposten. 22. september 1995. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]