Hopp til innhald

Morten Wold

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Morten Wold

Fødd22. juni 1967 (57 år)
Drammen kommune
Statsborgar avNoreg
PartiFramstegspartiet, Høgre
Yrkepolitikar, journalist
MedlemUnge Høgre
Alle verv

Morten Wold (fødd 22. juni 1967) er ein norsk politikar (Frp) som representerer BuskerudStortinget i perioden 2013-2017. På tinget sit han i helse- og omsorgskomitéen og er varamedlem til stortingsdelegasjonen til Nordisk Råd.[1]

Morten Wold er journalist av yrke og har jobba i både Bygdeposten på Vikersund, Fremtiden og Se og Hør. Frå 1997 til 2008 var han tilsett i Drammens Tidende. Han starta sin politiske karriere i Høgre, og representerte partiet i Modum kommunestyre 1987-1991.[2] I 2008 fekk han permisjon frå Drammens Tidende for å jobba som informasjonsrådgjevar i Frps stortingsgruppe.[3] Her har han vorte kjend som mediemannen til Frp-leiar Siv Jensen. Hausten 2011 vart han leiar av Modum Frp.[4]