Irene Johansen
Utsjånad
Irene Johansen | |||
| |||
Fødd | 7. januar 1961 (63 år) Nord-Aurdal kommune | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Medlem | Europabevegelsen i Noreg | ||
Alle verv |
|
Irene Johansen (fødd 7. januar 1961 i Nord-Aurdal) er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Ho vart vald inn på Stortinget frå Østfold fylke i 2005, og sat på tinget til 2017.[1]
Johansen har utdanning frå mellom anna Norges kommunal- og sosialhøgskole, kommunallinja 1982–1985 og mellomleiarprogrammet i staten 2001–2002. Johansen har også arbeidd som førstesekretær ved rådmannskontoret i Seljord kommune i 1985–1986. Ho var i personalavdelinga, Norges allmennvitskapelege forskingsråd i åra 1986–1994. Frå 1996 til 2003 var Johansen personalsjef i Jernbaneverket.
Johansen har vire nestleiar i den norske avdelinga for Europabevegelsen, ein organisasjon som arbeider for norsk medlemskap i EU.[2]
Stortingskomitear
[endre | endre wikiteksten]- 2005–09: medlem i transport- og kommunikasjonskomiteen
- 2005–09: medlem i valkomiteen
- 2009–12: medlem i finanskomiteen
- 2012–13: medlem i Energi- og miljøkomiteen
- 2013–17: medlem i Finanskomiteen
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Irene Johansen». Store norske leksikon (på norsk). 1. november 2022.
- ↑ Styret Arkivert 2016-06-23 ved Wayback Machine. Europabevegelsen