Thomas A. Dorsey
Thomas A. Dorsey | |||
Fødd | 1. juli 1899 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Villa Rica | ||
Død | 23. januar 1993 (93 år) | ||
Dødsstad | Chicago | ||
Fødenamn | Thomas Andrew Dorsey | ||
Alias | Georgia Tom, Memphis Mose | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1924–1993 | ||
Sjanger | jazz | ||
Instrument | piano | ||
Plateselskap | Gennett | ||
Verka som | jazzmusikar, pianist, låtskrivar, gospelmusiker | ||
Prisar | Grammy Trustees Award |
Thomas Andrew Dorsey (1. juli 1899–23. januar 1993) var ein amerikansk musikar, komponist og forkynnar som hadde stor innverknad på utviklinga av tidleg blues og gospelmusikk på 1900-talet. Han skreiv over 3000 songar, ein tredjedel av dei gospelsongar, mellom anna «Take My Hand, Precious Lord» og «Peace in the Valley». Innspelingar av desse har selt millionar av eksemplar både innan gospel- og sekulære samanhengar.[1]
Liv og virke
[endre | endre wikiteksten]Dorsey var fødd på landsbygda i i Georgia. Han voks opp i ein religiøs familie, men fekk det meste av den musikalske erfaringa si gjennom å spela i såkalla barrelhouses (juke joints) og på festar i Atlanta. Han flytta til Chicago og blei ein dugande komponist og arrangør av jazz og vaudevillemusikk nett på den tida då blues var i ferd med å bli populært. Dorsey blei kjend som akkompagnatør for Ma Rainey på turné under namnet «Georgia Tom», og hadde suksess med innspelingar med gitaristen Tampa Red.
Etter ei åndeleg vekking byrja Dorsey å fokusera på å skriva og arrangera religiøs musikk. Bortsett frå teksten så han ikkje nokon eigentleg skilnad mellom blues og kyrkjemusikk, og så på songar som eit supplement til talte preiker. Dorsey var musikalsk leiar ved Pilgrim Baptist Church i Chicago i 50 år, og innførte musikalsk improvisasjon og personleg deltaking som klapping, tramping og roping i kyrkja på ei tid då dette vanlegvis var rekna som dårleg og forkasteleg oppførsel. I 1932 var han med på å skipa National Convention of Gospel Choirs and Choruses, ein organisasjon laga for å trena musikarar og songarar frå heile USA. Den fyrste generasjonen kjende gospelsongarar frå 1900-talet arbeidde med eller blei lærte opp av Dorsey, mellom anna Sallie Martin, Mahalia Jackson, Roberta Martin og James Cleveland.
Forfattaren Anthony Heilbut sa om påverknaden til Dorseyat han "combined the good news of gospel with the bad news of blues". Dorsey er blitt kalla «far til gospelmusikken» og ofte gjeven æra for å ha skapt han, men kan rettare seiast å ha gjeve opphav til ei rørsle som gjorde gospel-blues utbreidd i afroamerikanske kyrkjer i USA, og vidare påverka amerikansk musikk og delar av samfunnet elles.
Prisar og utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]- Nashville Songwriters Hall of Fame, innskriven i 1979[2][a]
- Georgia Music Hall of Fame, innskriven i 1981[3]
- Gospel Hall of Fame, innskriven i 1982[4]
- Governor's Award for the Arts in Chicago, given 1985[5]
- National Trustees Award frå National Academy of Recording Arts and Sciences, gjeven i 1992[6]
- National Recording Registry: lydinnspelingar rekna kulturelt, historisk eller estetisk viktige av Library of Congress[7][8]
- «If I Could Hear My Mother Pray Again» (1934), added in 2007 – spelt inn av Dorsey, skriven av John Whitfield Vaughan i 1922[9]
- «Peace In The Valley» av Red Foley and the Sunshine Boys (1951), lagt til i 2006[10]
- Precious Lord: New Recordings of the Great Songs of Thomas A. Dorsey av diverse artistar (1973), lagt til i 2002[11]
- Blues Hall of Fame: utøvar, innskriven i 2018
Merknadar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Dorsey was the first black person to be inducted into the Nashville Songwriters Hall of Fame. (Poe, Janita, "Thomas A Dorsey, Gospel Pioneer", The Chicago Tribune January 25, 1993,. p. 6.)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ "Thomas Dorsey, Father of Gospel Music, Dies at 93", The Washington Post, (January 25, 1993), p. D6.
- ↑ Nashville Songwriters Hall of Fame Inductee List, Retrieved August 2020.
- ↑ Georgia Music Hall of Fame Inductee List Retrieved August 2020.
- ↑ Gospel Hall of Fame website (Search = dorsey), Retrieved August 2020.
- ↑ Poe, Janita, "Thomas A Dorsey, Gospel Pioneer", The Chicago Tribune (January 25, 1993). p. 6.
- ↑ "Trustee Awards" National Academy of Recording Arts and Sciences website, Retrieved August 2020.
- ↑ Frequently Asked Questions: National Recording Registry, Retrieved August 2020.
- ↑ Complete National Recording Registry Listing: National Recording Registry, Retrieved August 2020.
- ↑ Darden, Robert F. ""If I Could Hear My Mother Pray Again–Thomas Dorsey (1934)" PDF: Library of Congress, Retrieved August 2020.
- ↑ Rumble, John ""Peace in the Valley"–Red Foley and the Sunshine Boys (1951) PDF: Library of Congress, Retrieved August 2020.
- ↑ Rumble, John ""Peace in the Valley"–Red Foley and the Sunshine Boys (1951) PDF: Library of Congress, Retrieved August 2020.
- ↑ "'It's Tight Like That' by Tampa Red and Georgia Tom" Blues Hall of Fame website. Retrieved August 2020.
- ↑ "'Future Blues' – Willie Brown (Paramount 1930)" Blues Hall of Fame website. Retrieved August 2020.
- Denne artikkelen bygger på «Thomas A. Dorsey» frå Wikipedia på engelsk, den 16. desember 2021.
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]- Boyer, Horace, How Sweet the Sound: The Golden Age of Gospel (1995). Elliott and Clark. ISBN 0-252-06877-7
- Ferris, William, and Hart, Mary L., eds.: "The Secularization of Black Gospel Music" by Heilbut, Anthony in Folk Music and Modern Sound, (1982), University of Mississippi Press, pp. 101–115. ISBN 978-1-60473-167-5ISBN 978-1-60473-167-5
- Harris, Michael W., The Rise of Gospel Blues: The Music of Thomas Andrew Dorsey in the Urban Church, Oxford University Press (1992) ISBN 0-19-506376-7
- Heilbut, Anthony, The Gospel Sound: Good News and Bad Times, Proscenium Publishers (1997). ISBN 0-87910-034-6ISBN 0-87910-034-6
- Marovich, Robert M., A City Called Heaven: Chicago and the Birth of Gospel Music, University of Illinois Press, (2005) ISBN 978-0-252-03910-2
- Reagon, Bernice Johnson, If You Don't Go, Don't Hinder Me: The African American Sacred Song Tradition, University of Nebraska Press, (2001). ISBN 0-8032-3913-0ISBN 0-8032-3913-0
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Thomas A. Dorsey at Hymnology Archive
- "The Father of the Chicago Gospel Singing Movement", including mp3 links
- Thomas A. Dorsey at Find a Grave
- Thomas A. Dorsey historical marker in Villa Rica, Georgia
- Litteratur
- Dorsey, Thomas A., Dorsey's Songs of the Kingdom (1951) OCLC 7791102
- Dorsey, Thomas A., Dorsey's Songs with a Message, No. 1 (1951) OCLC 23086462
- Dorsey, Thomas A., Great Gospel Songs of Thomas A. Dorsey (1965) OCLC 227192148
- Dorsey, Thomas A., Thomas A. Dorsey's Poem Book for All Occasions (1945) OCLC 236814577
- Tillotson, Edith J., Gospel Born: A Pictorial and Poetic History of National Convention of Gospel Choirs and Choruses, (1976) OCLC 17549539