Faktaboks

Karen Fladset
Fødd
27. mai 1944, Ålesund
Verke
Håndballspelar og -trenar
Familie

Foreldre: Fylkestrafikksjef Olav Fladset (1905–1970) og Anne Marie («Lillemor») Hofset (1909–1992).

Ugift.

Karen Fladset er ein norsk tidlegare handballspelar og -trenar. Ho vart rekna som den beste norske kvinnelege handballspelaren i 1970-åra, med 86 landskampar. Som landslags- og klubbtrenar var Fladset med på å leggje grunnlaget for den seinare suksessen til det norske kvinnelandslaget.

I 1999 vart ho tildelt Håndballstatuetten av Norges håndballforbund.

Fakta

  • Landskamper: 86
  • Mål: 251.

Klubbar som spelar: IL Vestar, Olymp, Molde Håndballklubb.

Klubbar og lag som trenar: IL Vestar, Refstad, Bækkelaget, Toten og Noregs kvinnelandslag (1982–1984)

Bakgrunn

Foto av kvinne som sit på golvet med handball mellom beina.
Karen Fladset fotografert i 1971 medan ho var aktiv spelar.
Foto av Karen Fladset
Av /NTB.

Fladset debuterte på landslaget allereie som 17-åring i 1962, tre år før ho tok examen artiumMolde gymnas. Ho gav seg som landslagsspelar i 1973. I åra 1970–1979 var ho både spelar og trenar for IL Vestar, det suverent beste handballaget på kvinnesida i Noreg på den tida. Vestar vann åtte seriemeisterskap og to noregsmeisterskap (cup) i denne perioden. Karen Fladset var også toppscorar i eliteserien fire sesongar. I tillegg kom laget to gonger til semifinale i europacupen for klubblag, men begge gongene måtte dei gi tapt for austtyske lag. Dette var i ein periode då den internasjonale kvinnehandballen vart dominert av austblokklanda (særleg Aust-Tyskland og Sovjetunionen). Innsatsen til Vestar var banebrytande og vart lagd merke til både i Noreg og elles i handballverda.

Karen Fladset var assisterande kvinnelandslagstrenar for Frode Kyvåg i sesongen 1975–1976 og hadde ansvaret åleine for kvinnelandslaget i sesongane 1982–1983 og 1983–1984. Medan sesongen 1982–1983 gav 7. plass i verdsmeisterskapen, den beste norske prestasjonen til då, vart den neste sesongen fiasko. Då klarte ikkje det norske landslaget å kvalifisera seg til dei olympiske leikane i Los Angeles. Etter dette gjekk Fladset av som landslagstrenar, og Sven Tore Jacobsen overtok.

Som klubbtrenar var Fladset aktiv til og med sesongen 1990–1991. Etter 1980 var ho trenar for damelaga til Refstad, Bekkelaget og Toten, i tillegg til seks sesongar for IL Vestar.

Karen Fladset var på mange måtar banebrytande, men ho var ikkje den som stod fremst på barrikadane for å hevde kvinner sin rett til å drive med toppidrett. Likevel var ho ein av dei fyrste kvinnelege trenarane uansett idrettsgrein som verkeleg vart teken på alvor.

Taktikk

I tillegg til trenar- og spelarbakgrunn hadde ho utdanning frå Statens gymnastikkskole (no Norges idrettshøgskole). Ho var òg ein av dei få som fekk stipend ved idrettshøgskulen i perioden 1970–1973. I denne perioden skreiv ho mellom anna ei stipendiatoppgåve om taktikk i handball og la grunnlaget for den seinare trenarkarrieren

Karen Fladset var særleg oppteken av å utvikle handballen slik at den vart både raskare og meir teknisk. Med sin bakgrunn frå idrettshøgskulen var ho oppteken av at treningsmengdene måtte aukast, og at spelarane måtte bli i betre fysisk form. Ho var ein av dei fyrste trenarane som innførte vekttrening som del av grunnlagstreninga også for kvinner. I tillegg var ho oppteken av laget som samhandlingsarena. Sjølv om ho stilte strenge krav og til og med kunne vera litt autoritær i leiarstilen, vart ho av fleire spelarar skildra som ein trenar som var involverande, ein trenar som brydde seg.

Lærar og radiostemme

Fladset var trenar i ein periode då det var lite økonomisk gevinst å henta på å vera trenar, så ho har heile tida hatt andre jobbar. På idrettshøgskulen vart ho utdanna som kroppsøvingslærar. Ho har undervist både ved Norges idrettshøgskole og ved Lambertseter vidaregåande skule. Ho har òg vore ei kjend radiostemme som ekspertkommentator ved sida av den tidlegare Vestar-spelaren Unni Anisdahl i NRK-radiosporten frå 1985 til 1999.

Ingen suksess kjem utan vidare, heller ikkje for det norske kvinnelandslaget i handball. Sjølv om Karen Fladset ikkje direkte hadde noko å gjera med suksessen til det norske landslaget som tok til i slutten av 1980-åra, er det klart at ho har vore ein viktig faktor for norsk kvinnehandball.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Frode Fretland: Norsk biografisk leksikon 2

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.