Noreg (Mattradisjonar og kosthald) (spekemat)

Spekemat har lange tradisjonar i Noreg. Til venstre heng ei heil spekeskinke, til høgre eit fenalår, og på borda morrpølse. Oppskoren spekemat framfor på brettet. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, gitt ut 2005–2007.

Norsk mat og matkultur ber preg av det marginale jordbruket og tøffe klimaet i Noreg. Råvarene har vore tilgjengelege i relativt korte sesongar og ofte i store mengder, slik som under torskefisket, sildefisket, innhaustinga av korn, opptak av poteter og slaktinga av dyr. Behovet for å konservere råvarer medan dei er i sesong, slik at dei rekk til eit heilt års forbruk, er grunnlaget for mykje av den norske matkulturen.

Tradisjonell norsk matkultur vart i hovudsak til i tida til sjølvbergingshushaldet – det vil seie då kvar gard dyrka sin eigen mat og hausta frå naturen gjennom jakt, fangst og sanking. Sjølvbergingshushaldet vart i fleire bygder haldne levande til langt utpå 1900-talet og fekk igjen aktualitet under andre verdskrigen.

Råvarene

Kjøt og fisk

I tida til sjølvbergingshushaldet gjekk slaktinga føre seg om hausten. Då hadde slaktedyra maksimal vekt etter beitesesongen, og vinterfôret vart spart til dei dyra som skulle overvintre. Ferskt kjøtt vart berre ete i slaktetida og også då i lita grad. Kjøttet vart konservert ved salting, tørking, speking, røyking eller hermetisering.

Langs kysten kom store mengder sild, skrei, sei og annan fisk regelmessig inn frå havet, og fangsten vart konservert på ulike måtar, både til eige bruk og til sal. Tørrfisk, klippfisk, raudsei og spekesild er døme på konservert fisk.

Jakt og fangst av vilt i skog og mark, i hovudsak hjortedyr og fugl, gav også viktige råvarer til sjølvbergingshushaldet.

Mjølkeprodukt

Jarlsbergosten har vorte produsert sidan 1956 og er ein viktig norsk eksportartikkel.

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Kyrne var vårbære, det vil seie at dei kalva om våren, slik at beitegraset kunne utnyttast som ekstra mat til kalven og til mjølkeproduksjon på kua. Når tilgangen på fôr vart mindre utover hausten, vart mjølkeproduksjonen redusert. Det var derfor viktig å konservere mjølka i form av ost, smør, syrna myse og kjernemjølk. Fersk heilmjølk vart drukken i lita grad og vart ikkje vanleg før langt utpå 1900-talet.

Korn og potet

Vaflar og brunost blir gjerne knytte til trivsel og hyggje.

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Av kornslaga var bygg og havre mest utbreidd. Mjøl av bygg og havre vart gjerne omtala som heimkornmjøl, sidan det var dei vanlegaste kornlaga som lét seg dyrke under marginale forhold heime på gardane. Rug og etter kvart kveite vart dyrka i område med eigna klima, men det var vanleg å importere desse kornslaga. Tilgangen på korn var ei stor avgrensing ved uår og handelsblokadar og kunne få store konsekvensar med hungersnaud og død som følgje.

poteter vart utbreidd frå slutten av 1700-talet, vart situasjonen betra. Poteter var lett å dyrke i det norske klimaet og gav store avlingar. Poteter kunne erstatte kornet på mange måtar, og raspeball, potetlefser og potetlomper vart kjærkomne tilskot i den norske matkulturen.

Salt

Salt vart i stor grad produsert langs kysten. Sjøvatn vart frose i store saltepanner og isen fjerna, før resten, som no hadde auka saltinnhald, vart dampa inn over open varme. Frå 1600-talet byrja ein å importere salt, særleg havsalt. Etter kvart overtok importsaltet heilt.

Frukt og grønsaker

Molter med krem er ein tradisjonell festdessert, spesielt i Nord-Noreg.

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Frukt og grønsaker var minimumsfaktorar i kosthaldet. Før 1700-talet, då poteter, hagebær og dyrka frukt byrja å få innpass, vart gråerter sådd saman med kornet. Etter kvart dyrka ein løk og ein gul nepevariant og dessutan kvann, som er rik på vitamin C.

Ville bær og urter, blada av syre og frøet av karve var viktig. Skogsbær vart sanka i store mengder, særleg i nord, medan salvie fanst ved dei fleste hus i sør. Karve, salvie og tørka tyttebærblad vart brukte til te.

I tillegg til eigen produksjon vart det heilt frå mellomalderen importert råvarer. Tørka torsk vart bytta i korn, malt, øl, krydder, rosiner, svisker og sirup. Dette kom særleg kystbefolkninga til gode.

Maten

Brødet og grauten

I vikingtida mol kvinnene kornet på handkvern, nok til eit par dagar av gongen. Brødet var ei flat kake (brauðiskr, brødtallerken), omtrent 30 cm i diameter, klappa ut av ein deig av mjøl, salt og vatn og steikt på stein eller jarnhelle. Fisk eller kjøtt vart lagt oppå denne brødtallerkenen. Ein åt med fingrane ved hjelp av kniv, som alle hadde i beltet.

kvernhusa kom i bruk på 1200–1300-talet, overtok mennene målinga av kornet, og kvinnene fekk ansvar for å ta vare på store mengder mjøl. Mjøl trekkjer lett til seg fukt, med fare for muggvekst og aflatoksiner som resultat. Med dette kom flatbrødet inn i norsk kosthald, sidan tynne, tørre leivar var lettare å oppbevare enn mjøl. Nokre leivar vart bretta saman til ein firkant og overtok brauðisken si rolle som tallerken. Andre vart dynka med vatn for å mjukne før dei vart etne, og likna då meir ei lefse. Fisk og kjøtt vart pakka godt inn i lefsa og ete med fingrane. Brauðisken har eksistert parallelt med flatbrød og lefse opp gjennom hundreåra under namn som klappkake, nevabrød og skeibladkake.

Dagens potetkake, lompe og potetlefse er variantar frå 1800-talet då poteta vart allemannseige. Knust kokt potet viste seg gjerne å kunne erstatte det dyrebare kornet.

Flatbrød vart også gjerne ete saman med syrna mjølk, surmjølk. Flatbrødet vart knust i mindre bitar, og smulane vart utnytta. Ein slik rett vart gjerne omtalt som «neribryte», «soll» eller «flatbrødsoll».

Graut og velling har heilt fram til midten av 1900-talet vore viktige element i kosthaldet til kvardagen. Kvardagsgrauten vart gjerne kokt på bygg eller havre og vatn (vassgraut). Til fest vart det laga finare graut, som risengrynsgraut og rømmegraut. Risengryn vart ikkje utbreidd før mot slutten av 1700-talet. Då poteta vart tilgjengeleg, kunne denne også inngå i grauten. Dagens potetstappe er ei vidareføring av potetgrauten til 1800-talet, som ofte vart eten til kveldsmat. Før poteta kom, vart måla bork brukt som tilskot til mjølet i naudsår.

I området nord for Trøndelag finst det store bakaromnar frå 1700-talet. Dette heng truleg saman med at tilgangen på rug auka på denne tida. Handel med russarane, pomorane, gjekk føre seg i perioden 1742–1914, og sommarfisken frå Finnmark vart betalt med rugmjøl. Rug inneheld ei form for gluten og gir derfor grunnlag for heva bakverk. Frå 1700-talet vart gjæra rugbrød, stump, ete dagleg i Nord-Noreg.

Det same finst på Finnskogane, der finske immigrantar dyrka rug i asken etter nedbrunne skogteigar og bakte gjæra rugbrød, stump eller kaku/kake. Bakaromnar fanst også i Sandefjordområdet på denne tida, der handel med det austlege Tyskland førte til import av rug.

Sodd, kål og spekekjøt

Sodd eller «kål», ofte omtala som kjøtsuppe, var fast søndagsrett over heile landet. Salta og gjerne speka kjøt vart kokt saman med erter, nepe og byggryn i éi gryte over open eld. Då støypejernskomfyren kom på 1800-talet, vart rettane meir differensiert, sidan ein då fekk steikjeomn og fleire kokeplater med moglegheit for fleire gryter. Steik med potet og saus vart då ein aktuell søndagsrett. Sodd og «kål» vart likevel med vidare på den norske menyen saman med dei meir samansette rettane.

Ost, smør, kjernemjølk, myse

Fram til meieria kom på siste halvdel av 1800-talet, vart mjølka utnytta til siste drope gjennom ulike foredlings- og konserveringsmetodar på gardane. På denne tida kalva kyrne på våren, og dei mjølka derfor hovudsakleg i sommarhalvåret. Mjølka vart konservert som ost, smør og syrna myse som kunne lagrast utover vinteren. I tillegg til kumjølk vart det laga ost og smør av mjølk frå sau, geit og reinsdyr.

Syrna myse var svært haldbar på grunn av låg pH. Myse vart brukt til drikke, blanda med vatn («blande»/«bleng»). Mysen kunne også kokast inn til prim og brunost/mysost, men dette var svært energikrevjande. Myse vart også brukt i graut og supper og var spesielt eigna for å ta med på Lofotfiske og elles når tilgangen på reint ferskvatn var avgrensa.

Kjernemjølk (saup), restproduktet etter kinning av smør frå rømme, var også eit syrna produkt med låg pH. På same måte som for myse, kunne kjernemjølka blandast med vatn til drikke eller inngå i grauten (saupgraut).

Tørka, salta, røykt og raka fisk og sild

Tørrfisk
Tørrfisk har lenge vært både en viktig råvare og en viktig eksportartikkel
Tørrfisk
Av /SCANPIX.

Variantar av konserverte fiskesortar inngjekk i daglegkosten over heile landet. Fersk fisk vart eten sporadisk. I byane vart matvanane til overklassen utsett for dansk, tysk og hollandsk påverknad. Dette viste seg særleg i selskapsmaten, medan kvardagen synest å ha hatt eit meir folkeleg kosthald.

Dei feite fiskeslaga, som sild og laks, vart av kystbefolkninga gjerne ikkje omtalt som fisk. Fisk var ofte definert som dei magre fiskeslaga, som torsk, sei og hyse. Sild, laks, uer og kveite blir derfor gjerne omtalt særskilt i historiske kjelder.

Sild var dagleg kost i mange hundre år, først saman med kornmat og deretter med potet. I armod og naud vart laken frå silda brukt når silda tok slutt. Silda kunne konserverast med lite salt («bondegods») og gjekk då gjennom ei fermentering. Med større saltmengder («kjøpmannsgods») vart prosessen annleis, og ein fekk spekesild.

Seien kunne leggjast i tønner med lite salt og vart fermentert til raudsei eller gammalsalta sei. Slik sei kunne oppbevarast i mange år. Ferskvassfisk vart også lagd ned med lite salt og vart dermed fermentert til rakfisk.

Fisken kunne saltast, blir røykt og blir tørka på ulike måtar og med ulike kombinasjonar av desse metodane. Slik vart det eit mangfald av produkt som berika den norske matkulturen.

Drikke

Dagleg drikke over heile landet var blande, som er gjæra sur myse eller sur skumma mjølk blanda med vatn. I periodar i historia, før det vart orden på toalettforholda, kunne vatnet vere forureina med tarmbakteriar. Det var derfor ikkje særleg utbreidd å drikke kaldt vatn.

Sterkt maltøl skulle etter lova bryggjast fire gonger i året om ein kunne avsjå bygg. Viktigast var det å bryggje til jul og til jonsok. Det var eit mangfald av ulike øltyper, mellom anna sidan det vart bryggja ved hjelp av ulike lokale variantar av gjærsopp. Gjærstammar brukt til ølbrygging gjekk gjerne under nemninga kveik, og det store artsmangfaldet kunne bidra til svært ulike smakskarakteristikkar på ølet. I dag er det stor interesse for å finne tilbake igjen til dei lokale gjærstammane som vart brukte til ølbrygging tidlegare. Tynnøl, også kalla spissøl eller spøsøl, vart også drukke. Tynnøl fekk ein ved å ause einerlåg over maltet som sterkølet var bryggja på.

Urtetear var dagleg varm drikke over heile landet før kaffien gjorde sitt inntog på 1800-talet. Bypatrisiatet sin drikkeskikk var noko ulik den folkelege, sidan øl, vin og brennevin vart importert til byane heilt frå mellomalderen.

Frå tidleg 1800-tal blei det planta bærbuskar og frukttre rundt husa, og i kombinasjon med tilgang på rimeleg sukker blei det frå offentleg hald oppmoda til å konservere frukt og bær ved safting og sylting, og ikkje minst ved å leggje vin. Vin og sider på frukt, hagebær eller ville bær og urter, er nøye skildra i kokebøker på 1800-talet. Marie Bloms kokebok frå 1896 gjengir både eplevin/sider, løvetannvin, kreklingvin og vin laga på sevje av bjørk.

Fersk mjølk (søt mjølk) vart ikkje vanleg å drikke før det vart sett i gang ein kampanje på 1930-talet. Syrna mjølkeprodukt kjenneteikna derfor det norske kosthaldet.

Endringar i kosthaldstradisjonane

Komfyr fra Aadals Brug No 25 B.
Støpejernskomfyrer ble vanlige på 1800-tallet
Komfyr fra Aadals Brug No 25 B.

Trass geografiske og sosiale skildnadar hadde det tradisjonelle kosthaldet sterke fellestrekk over heile landet. Tradisjonen var relativt stabil frå mellomalderen fram til 1800-talet. Deretter vart det store endringar i økonomien, sett i samanheng med ein kraftig befolkningsauke, framvekst av industri og bydanning, oppheving av handelsprivilegium og utskifting av jordeigedommar.

Pengehushaldet overtok etter naturalhushaldninga (sjølvbergingshushaldet). Bøndene selde varene sine for pengar og kjøpte importerte produkt som kaffi, margarin, sirup og sukker. Sikta rug og kveite vart moderne som brødmjøl. Hagebær og frukt vart safta og sylta. Støypejernskomfyren vart vanleg over heile landet fram mot 1900-talet. Endringane i kosthaldet vart oppmuntra av ei ung og uerfaren gruppe tyske kosthaldsforskarar, introdusert i Noreg av eventyrforfattaren Peter Christen Asbjørnsen, mellom anna i kokeboka hans Fornuftigt Madstel. Den nye læra presenterte salt, kaffi, sukker, sirup og siktet mjøl som sunne og viktige delar av kosthaldet.

Med 1900-talet har ernæringslæra sett sitt preg på norsk kosthald, i dei seinare åra sterkt supplert av impulsar frå matkulturar frå andre land.

«Man tager hva man haver»

Norsk matkultur er framleis prega av tilpassingar av retter og oppskrifter etter kva råvarer og reiskapar ein hadde tilgjengeleg. Tilgjengelegheita av råvarer har variert gjennom historia, og er påverka av klima for eigen matproduksjon, uår og hungersnaud, privat økonomi, sosiale forhold, nasjonal og internasjonal handel og handelsblokadar og dessutan kontakt med andre kulturar. Vidare har den teknologiske utviklinga påverka matkulturen, spesielt knytt til utvikling av reiskapar og kokestadar. Det finst derfor ei rekkje lokale variasjonar innan tradisjonsmat med same namn, der ein sjeldan kan påstå at ein bestemd variant er meir eller mindre «rett». Motsett kan nokså like retter finnast under svært ulike namn.

Det er også viktig å merke seg at matrettene har eksistert tidlegare enn dei kan dokumenterast ved skriftlege kjelder. Historiske kokebøker bør derfor brukast med varsemd som kjelder, også av andre grunnar, mellom anna sidan dei var reserverte for den delen av befolkninga som meistra lesekunsten. Det er også viktig å vere klar over at nedteikning av oppskrifter er ein metode for å standardisere ein matrett, og dette kan i mange tilfelle vere ei kunstig tilnærming til matlaging. Oppskrifter, både før og no, må alltid brukast saman med taus kunnskap. Likevel gir dei norske kokebøkene frå 1800-talet eit bilete av både nøysemd og eit mangfald, som speglar det viktige grunnlaget for all matkultur – «man tager kva ein haver». Eit døme finn ein i Marie Bloms kokebok frå 1890, der ho til saman presenterer 17 oppskrifter på krumkaker – av dette fire med fløyte, sju med egg, tre med mandlar, to med vatn og ei oppskrift som blir kalla Tykke Krumkager.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Landsverk, Halvor, red.: Gilde og gjestebod, 1967
  • Notaker, Henry: Ganens makt: Norsk kokekunst og matkultur gjennom tusen år, 1993
  • Osa, Harald & Gudrun Ulltveit: Norsk mat gjennom tidene: Tradisjonsmat fra naturens spiskammer, 1993
  • Solstad, Janne Hvitsand & Sissel Kvistad Sundby: Matskikker og årstidene: Oppskrifter og historie, 2008
  • Ulltveit, Gudrun: Korn- og baketradisjoner: Kornets og bakingens kulturhistorie i Norge, 2000
  • Riddervold, Astri. Drikkeskikker. Nordmenns drikkevaner gjennom 1000 år, 1997, isbn 82-512-0452-6.
  • Blom, Marie. Husholdningsbog for By og Land, 1890, B. T. Mallings Boghandels. Kristiania

Kommentarar (2)

skreiv Heidi Moholt

Hei. Vi har lest denne artikkelen i en norsktime, og elevene i klasse 9B lurer på hvorfor ikke jakt er nevnt som en del av matkulturen. Med ønske om tilbakemelding. Vennlig hilsen Heidi Moholt (lærer)

svarte Guro Djupvik

Hei, Heidi!
Fagansvarlig har oppdatert teksten etter innspillet deres - så nå har dere vært med på å endre Store norske leksikon. Tusen takk!

Vennlig hilsen Guro Djupvik, redaktør

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.