Eit nytt krosstog vart raskt organisert, og allereie i oktober same året utsteda den nye paven, Gregor 8., eit dekret, audita tremendi, som autoriserte ein ekspedisjon austover og lova privilegiar til dei som tok krossen. Ein månad seinare, i november 1187 tok Rikard av Poitou, den seinare Rikard 1. av England, krossen. Han fekk følgje av Filip 2., konge av Frankrike og Fredrik Barbarossa, keisar av det tyske riket. Frå utstedinga av audita tremendi i oktober 1187 til juni 1190, då Filip sette kursen austover, hadde systematisk preiking over heile Europa skapt ein ny entusiasme for krosstogrørsla; bodskapen var lett å selja; tapet av Jerusalem og den heilage krossen var sett inn i ei gammaltestamentleg ramme som understreka at reisa, i følgje ei kjelde, var «av kjærleik til Gud, forlating for synder, og av respekt for kongar».
Og nettopp kongar spelar ei sentral rolle på det tredje krosstoget, ikkje berre som leiarar, men også gjennom det presset Rikard, Filip og Fredrik kunne leggja på adelen for å få den til å delta. Dette er reflektert i storleiken på hæren som kanskje talde så mange som 20 000 riddarar og 80 000 infanterisoldatar. Men den dominerande rolla til tre styrarar hadde også ulemper, då det i røynda var tre separate ekspedisjonar som sette kursen austover – Fredrik og hæren ferdast over land i 1189, medan Rikard og Filip tok sjøvegen i 1190.
Det første målet var Acre; denne viktige byen ved kysten hadde kapitulert til Saladin etter berre to dagar i 1187. Frå august 1189 tok det heile to år før den var på kristne hender att; tapstala var enorme; eit samtidig vitne hevdar av at styrken på 12 000 som hadde kome sommaren 1189 var det berre hundre overlevande når byen fall. Men problema var langt frå over; Fredrik mista livet i juni 1190 då han var i ferd med å kryssa elva Saleph i Sør-Tyrkia.
Like alvorleg var usemja mellom dei to attverande kongane Rikard og Filip – ei usemje som kom klårt til uttrykk ved at kongane forhandla separat med Saladin om overgjevinga av Acre. Bak denne usemja låg storpolitiske faktorar; dei to kongane støtta kvar sin tronpretendent i Jerusalem. Det var også storpolitikk, men no på heimebane, som forklarar Filip si avgjersle om å trekkje seg frå krosstoget; Filip av Flandern hadde nemleg mista livet ved Acre, og den franske kongen kunne skaffe såleis seg strategiske føremoner nord i Frankrike ved å påverka valet av ny regent i Flandern.
Innleiingsvis mislykkast Rikard med å overtala sine allierte til å okkupera Askalon for dermed hindra Saladin i å få forsterkningar frå det sørlege Palestina. Særleg for den franske kontingenten, no leia av hertugen av Burgund, bleikna Askalon samanlikna med Jerusalem: «den einaste grunnen til me har kome her frå våre eigne land er Jerusalem», hevda eit samtidig vitne. Igjen delte hæren seg i nasjonale enklavar; ein komité vart sett ned for å avgjera om ein skulle gå til åtak på Jerusalem eller mot det sørlege Palestina.
Sjølv om komiteen støtta Rikard sitt forslag, var det no kome opp andre moment som skulle bli utslagsgjevande. I tillegg til at den engelske kongen vart alvorleg sjuk, kom storpolitikk inn i biletet på ny; Rikard høyrde nemleg rykte om at engelske områder i Frankrike var truga, noko som gjorde at det hasta med å koma fram til ei løysing. Resultatet var ei treårig våpenkvile som inkluderte og Antiokia og Tripoli, medan Palestina vart delt. Våpenkviler var i det heile teke den faktoren som regulerte samkvæmet mellom kristne og muslimar i det heilage landet dei neste sytti åra.
Kommentarar (4)
skreiv Remi Skasberg Engen
svarte Marte Ericsson Ryste
skreiv Lars Nygaard
svarte Marte Ericsson Ryste
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.