Film- og videogramlova er ein norsk lov som regulerer framsyning og salg og kjøp av film og videogram i næringsverksemd. Dette omfatter til dømes kinoar og videobutikkar, medan strøyming og kringkasting ikkje er omfatta. Med videogram siktar ein til alle former for lagring av levande bilete som til dømes filmrullar eller digitale filer lagra på harddisk. Formålet med loven er å kunne utøve kontroll med kva som blir vist til offentlegheita, særleg med tanke på å forhindre spreiing av ulovlege videoar.

Faktaboks

Fullt namn
lov om film og videogram
Kortnamn
film- og videogramlova
Forkorting
filml
Tredd i kraft
01.01.1988
Lovdata-ID
NL/lov/1987-05-15-21

Loven erstatter lov om offentlig forevisning av kinematografbilleder frå 1913. Film- og videogramlova er igjen i stor grad erstatta av lov om vern av mindreårige mot skadelege biletprogram frå 2015.

Innhaldet i lova

Framvisning og omsetning av film og videogram i næring krev løyve frå kommunen der framvisninga skal finne stad. Kvar enkelt kommune set vilkåra for løyve og fører nødvendig tilsyn med drifta saman med Medietilsynet. Brot på reglane i lova, vilkår sat ved løyvet eller brot på reglane i straffelova om framvisning og distribusjon av grove valdsskildringar, seksualisert innhald av barn og pornografi kan medføre tilbakekalling av løyvet.

Loven bestemmer òg at den som skal leggje fram eller omsetje film og videogram i næring må betale ei ekstraordinær avgift til staten.

Forskrift til loven gir unntak for framvisningar som ikkje skjer mot betaling, i private omgivnader som hotellrom og omsetning av visse typar videogram som opptak frå offentlege arrangement, dokumentarar, undervisningsmateriell og musikk- og idrettsstoff.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.