Flyvatnet er ein innsjø i Vestre Slidre kommune, Innlandet. Vatnet har vore regulert sidan 1957, med regulert vasstand mellom 854 og 859 meter. Største målte djup er 27 meter, middeldjup 8 meter.
Vatnet har tilløp nordfrå frå Helin og nordvestfrå frå Hydøla, med utløp i sørenden gjennom Flya til Tisleifjorden. Det ligg spreidde setergrender omkring sjøen, på austsida ligg hytteområdet Nøsen; her er det også hotelldrift. Flyvatnet fungerer som magasin for Åbjøra kraftverk.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.