Hopp til innhald

Zograf Peak

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Zograf Peak
fjell
Zograf Peak frå nær Catalunyan Saddle
Land  Antarktis
Fjellkjede Tangra Mountains
Topp Livingston Island
 •  høgd 1 011 moh.
 - koordinatar 62°39′6.4″S 60°08′54″W / 62.651778°S 60.14833°W / -62.651778; -60.14833
Lettast tilkomst Snø- og isklatring
Førstestiging Ljubomir Ivanov
 - dato 31. desember 2004
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Zograf Peak
62°39′06″S 60°08′54″W / 62.6518°S 60.1483°W / -62.6518; -60.1483
Zograf Peak is located in Antarktis
Zograf Peak (Antarktis)

Zograf Peak (Vrah Zograf) er eit fjell med ei høgd på 1011 moh på Friesland Ridge i Tangra MountainsLivingston Island i Sør-Shetlandsøyane i Antarktis. Fjellet er dekt av isbrear med store bresprekkar og er stupbratt og delvis isfri på nordsida. Fjellet ligg oppom Huronbreen i nord og Shipka Valley i aust, og er mogeleg å nå via eit skard på 905 moh frå Lyaskovets Peak. Fjellet er i nordaust knytt til Lozen Saddle og Lozen Nunatak, Erma Knoll og Aheloy Nunatak.

Zograf Peak frå Camp Academia-området med Levski Peak til venstre og Lyaskovets Peak til høgre.

Fjellet er kalla opp etter det bulgarske Zograf kloster på fjellet Athos.

Fjellet vart først klartra av Ljubomir Ivanov frå Camp Academia den 31 desember 2004.

Fjellet ligg 1,33 km nordvest for Lyaskovets Peak, 4,26 km sør for Pliska Peak, 1,88 km sør-søraust for Kuzman Knoll, 3,9 km vest for Maritsa Peak og 1,5 km vest for Komini Peak. Dei nordvestlege forberga av Zograf Peak vert kalla Camp Academia. Denne staden ligg 11 km frå St. Kliment Ohridski-basen og 12,5 km frå Juan Carlos I base.