Yuval Ne'eman
Utsjånad
Yuval Ne'eman | |||
| |||
Fødd | 14. mai 1925 Tel Aviv | ||
---|---|---|---|
Død | 26. april 2006 Tel Aviv | ||
Nasjonalitet | Israel | ||
Yrke | fysikar, politikar, pedagog, universitetslærar, kjernefysiker, offiser | ||
Institusjonar | Universitetet i Tel Aviv | ||
Alma mater | Technion Imperial College London Herzliya Hebrew Gymnasium | ||
Doktorgradsrettleiar | Abdus Salam | ||
Medlem | National Academy of Sciences Israel Academy of Sciences and Humanities American Academy of Arts and Sciences |
Yuval Ne'eman (14. mai 1925–26. april 2006) var ein israelsk fysikar. Han vart først utdanna som maskiningeniør, og vart frå 1955 til 1957 oberst i den israelske etterretningstenesta. Frå 1958 til 1960 var han militærattaché i London og studerte deretter elementærpartikkelfysikk. I 1961 sette han fram om lag samstundes med M. Gell-Mann, uavhengig av kvarandre, ein teori, den såkalla oktettmodellen. Denne skildra symmetrieigenskapane til elementærpartiklane. I 1962 vart han professor ved universitetet i Tel Aviv og frå 1961 til 1963 var han vitskapleg direktør ved laboratoria for kjernefysisk energi i Rehovoth. I 1968 vart han òg professor ved University of Texas i USA.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Yuval Ne'eman. (2012-02-18) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/Yuval_Ne'eman
Kategoriar:
- Einskildmenn
- Fødde i 1925
- Døde i 2006
- Israelske fysikarar
- Folk frå Tel Aviv
- Israelske militære
- Jødiske fysikarar
- Partikkelfysikarar
- Kjernefysikarar
- Medlemmar av Knesset
- Israelprisen i eksakt vitskap
- Medlemmar av Det israelske vitskaps- og humanistakademiet
- Medlemmar av United States National Academy of Sciences
- Fysikarar på 1900-talet