Worcestershire
Worcestershire | |||
grevskap | |||
Land | England | ||
---|---|---|---|
Region | Vest-Midlands | ||
Areal | 1 741 km² | ||
Folketal | 557 600 (2008) | ||
Grunnlagd | Historisk | ||
Status | Seremonielt og ikkje-metropolitansk grevskap | ||
Worcestershire 52°12′00″N 2°10′00″W / 52.2°N 2.1666666666667°W | |||
Kart som viser Worcestershire.
| |||
Wikimedia Commons: Worcestershire |
Worcestershire (forkorta Worcs) er eit ikkje-metropolitansk grevskap i Vest-Midlands sentralt i England. I 1974 vart det slått saman med nabogrevskapet Herefordshire til grevskapet Hereford og Worcester. Dette vart delt att i 1998 og Worcestershire vart igjen ei eiga eining.
Grevskapet grensar til Herefordshire, Shropshire, Staffordshire, West Midlands, Warwickshire og Gloucestershire. I vest går grensa langs Malvern Hills og kurstaden Malvern. To store elvar renn gjennom grevskapet Severn og Avon.
Katedralbyen Worcester er den største byen og det administrative setet i grevskapet. Andre viktige byar er Bromsgrove, Droitwich, Evesham, Kidderminster, Malvern og Redditch, og fleire mindre byar som Pershore, Tenbury Wells og Upton upon Severn. Den nordlege delen av grevskapet omfattar dei ytre områda av dei store industriområda i Midlands storbyområde, medan dei sørlege delane hovudsakleg er landlege.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Worcester City Arkivert 2007-11-22 ved Wayback Machine.
- Offisiell heimeside
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Worcestershire» frå Wikipedia på engelsk, den 29. november 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: