Vortesvin
Vortesvin | |
Vortesvin | |
Vortesvinhann | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av Vortesvin | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Klauvdyr Artiodactyla |
Familie: | Svin Suidae |
Slekt: | Phacochoerus |
Art: | Vortesvin P. africanus |
Vitskapleg namn | |
Phacochoerus africanus |
Vortesvin (Phacochoerus africanus) er ein art i svinefamilien som høyrer heime i Afrika og finst frå Mauritania til Etiopia, sør til Namibia og det austre Sør-Afrika. Dette vortesvinet er òg kjent som nordleg vortesvin, sidan det òg har ein meir sørleg slektning; ørkenvortesvinet (P. aethiopicus).
Vortesvin har ein nær sylindrisk kropp med eit særs stort hovud med ansiktsvorter som er mest iaugefallande hjå hannane. Dei har støyttenner og også nokre velutvikla hjørnetenner i underkjeven. Kroppslengda er på 110-135 cm, skulderhøgda ca. 70 cm, halen 40 cm, vekta 40-110 kg. Dei held gjerne halen rett opp når dei går.
Vortesvinet trivst på både open og plantedekt savanne, grasdekte steppar og i halvørken. Rundt Kilimanjaro finn ein arten i høgder på opp mot 3 000 moh.
Underartar
[endre | endre wikiteksten]- P. africanus (vortesvin)
- P. a aeliani (eritreisk vortesvin)
- P. a africanus (nordleg vortesvin])
- P. a massaicus (sentralafrikansk vortesvin)
- P. a sundevallii (sørleg vortesvin)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Vanlig vortesvin» frå Wikipedia på bokmål, den 17. februar 2022.