Uns ist ein Kind geboren
BWV 142 Kantate av Johann Kuhnau | |||
Sjanger | Koral | ||
---|---|---|---|
Periode | Barokken | ||
Komponert | 1720? |
Uns ist ein Kind geboren, BWV 142, er ein kyrkjeleg julekantate tidlegare tilskriven Johann Sebastian Bach. Han nyttar tekst av Erdmann Neumeister som først kom ut i 1711.[1] Musikken vart komponert i Leipzig kring 1720, truleg av Johann Kuhnau for første juledag.
Komponist
[endre | endre wikiteksten]Den opphavlege komponisten av kantaten er ikkje fullstendig etablert. Kantaten blei først gjeven ut av Bach-Gesellschaft på 1800-talet, men Bach-forskarar som Johannes Schreyer, Arnold Schering og Alfred Dürr aksepterte ikkje denne tilskrivinga.[2][3] Seint på 1900-talet blei han teken ut av Neue Bach Ausgabe, og erstatta av ein detaljert kommentar om autentisitet og tilskviring av Andreas Glöckner.[4] På grunn av usikkerheiten har kantaten blitt verande på lista Anhang II i Bach-katalogen BWV.[5] Det blir no rekna som sannsynleg at Johann Kuhnau, føregangaren til Bach som Thomaskantor i Leipzig. Dette blei opphavleg føreslått av Schering 1912.[6]
Instrumentering og struktur
[endre | endre wikiteksten]Stykket er instrumentert for to blokkfløyter, to oboar, to fiolinar, bratsj og basso continuo med tre songsolistar (alt, tenor, bass) og firedelt kor.[7]
Stykket har åtte satsar:[8][9]
- Sinfonia, instrumentalkonsert for to alt-blokkfløyter, to oboar og strykarar.
- Kor: Uns ist ein Kind geboren, dobbel fuge med det første temaet sett til teksten av «Uns ist ein Kind geboren» og det andre til «Eins Sohn ist uns gegeben».
- Arie (bass): Dein Geburtstag ist erschienen
- Kor: Ich will den Namen Gottes loben. Denne korte korsatsen byrjar med ein fugatoseksjon der dei fire stemmene er akkompagnert av første- og andrefiolin. Etter fugedelane er musikken homofonisk.
- Arie (tenor): Jesu, dir sei Dank. I denne relativt korte da capo-arien er tenoren akkompagnert av to obligatoboar.
- Resitativ (alt): Immanuel
- Arie (alt): Jesu, dir sei Preis. Denne arien er ein transposisjon av den 5. satsen frå A-moll til D-moll med nye ord. Alten erstattar tenoren og dei to altblokkfløytene erstattar oboane.
- Kor: Alleluia. Over ein nesten ubroten straum av sekstendelsnotefigurar spelt i unison av altblokkfløyter, oboar og fiolinar syng koret den siste firstemmige koralen linje for linje.
Innspelingar
[endre | endre wikiteksten]- Alsfelder Vokalensemble / I Febiarmionici, Wolfgang Helbich. The Apocryphal Bach Cantatas II. CPO, 2001.
- Choir and Orchestra "Pro Arte" Munich, Kurt Redel. J.S. Bach: Magnificat in D Major & Cantata BWV 142. Philips, 1964.
- Mannheim Bach Choir / Heidelberger Kammerorchester, Heinz Markus Göttsche. J.S. Bach: Cantatas BWV 62 & BWV 142. Da Camera, 1966.
- Capella Brugensis / Collegium instrumentale Brugense, Patrick Peire. 'Uns ist ein Kind geboren', Eufoda, 1972
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Uns ist ein Kind geboren, BWV 142» frå Wikipedia på engelsk, den 29. november 2017.
- «Uns ist ein Kind Geboren». Bach-kantater. Henta 19. april 2010.
- ↑ Glöckner 2000.
- ↑ Sjå:
- Dürr, Alfred (2006), «Appendix: doubtful and spurious cantatas», The cantatas of J. S. Bach, sett om av Richard Douglas P. Jones, Oxford University Press, s. 926, ISBN 0-19-929776-2
- Dürr, Alfred (1977), Studien über die frühen Kantaten Johann Sebastian Bachs (på tysk) (2nd utg.), Breitkopf & Härtel, s. 57–58, 209–211, ISBN 3765101303
- Schering, Arnold (1912), «Beiträge zur Bachkritik», Bach-Jahrbuch (på tysk) 9: 124–133, page 133
- ↑ «Uns ist ein Kind geboren». Bach Digital (på tysk). Henta 22. januar 2017.
- ↑ Glöckner, Andreas (2000), Johann Sebastian Bach, Varia: Kantaten, Quodlibet, Einzelsätze, Bearbeitungen. Critical commentary, Neue Ausgabe sämtlicher Werke (NBA) I/41, Bärenreiter, s. 117–118
- ↑ Classical Net Uns ist ein Kind geboren (Unto us a child is born), Classical Net, 1998
- ↑ Erler, David (2015). «Johann Kuhnau» (PDF). Abendmusiken in der Predigerkirche. s. 8–9. Henta 23. januar 2017.
- ↑ «Cantata BWV 142 Uns ist ein Kind Geoboren». Bach Cantatas Website. Henta 22. januar 2017.
- ↑ Zedler, Günther (2009), Die erhaltenen Kantaten Johann Sebastian Bachs (Spätere Sakrale- und Weltliche Werke): Besprechungen in Form von Analysen - Erklärungen - Deutungen (på tysk), Perfect Paperback, s. 297–298, ISBN 383913773X
- ↑ Whittaker, William Gillies (1959), The Cantatas of Johann Sebastian Bach: sacred and secular, Volume I, Oxford University Press, s. 160–161