Trude Jochum-Beiser
Trude Jochum-Beiser | |
Statsborgarskap | Austerrike |
Fødd | 2. september 1927 (97 år) Lech |
Yrke | alpinist |
Trude Jochum-Beiser, fødd Trude Beiser, (fødd 2. september 1927) er ein austerriksk tidlegare alpinist frå Lech am Arlberg i Vorarlberg som vart verdsmeister i utfor i 1950 og olympisk meister i same greina under vinterleikane 1952.
Trude Beiser tok sølv i utforrennet under Vinter-OL 1948 i St. Moritz, slått med åtte tidelsekund av Hedy Schlunegger frå Sveits. Etter eit brukbart slalåmrenn i OL-løypene tok ho gullmedaljen i kombinasjonen.
I 1950 var ho gift og heitte Trude Jochum-Beiser. Fire månader etter ho hadde vorte mor, reiste ho til Aspen i Colorado for å delta i VM i alpine greiner 1950. Etter å ha teke sølvmedaljen i storslalåm, to tidels sekund bakom landskvinna Dagmar Rom, vann ho ein soleklar siger i utforløypa.
Under dei olympiske leikane 1952 i Oslo vann Jochum-Beiser gullmedaljen i utfor med romsleg margin. Sidan konkurrerte ho berre i heimlandet.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Trude Jochum-Beiser» frå Wikipedia på tysk, den 21. november 2014.