Tore Reginiussen
Tore Reginiussen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 10. april 1986 (38 år) Alta |
Yrke | fotballspelar |
Høgd | 181 centimeter |
Tore Reginiussen på Commons |
Tore Reginiussen (fødd 10. april 1986) er ein norsk fotballspelar frå Alta som spelte 21 landskampar i tida 2008-14, og sidan 2012 har vore midtstoppar i Rosenborg Ballklubb.
Klubbspel
[endre | endre wikiteksten]Reginiussen spelte på Alta IF i åra 2003-05. Etter at Alta rykte ned på tredje nivå, var han Tromsø-spelar i fire sesongar, 2006-09. Vinteren 2010 skreiv han kontrakt med den tyske storklubben Schalke 04. Han klarte ikkje å spele seg inn på det tyske laget, så våren 2011 var han atter å sjå i Tromsø-drakta.
I juni 2011 signerte Reginiussen for danske Odense Ballklub og eit tilhald som varte eitt år. Den 5. august 2012 vart han overført til Rosenborg BK i Trondheim. Her var han i 2015 med å vinne både serien og cupfinalen.
Landslagspel
[endre | endre wikiteksten]Reginiussen debuterte på det norske landslaget 26. mars 2008 mot Montenegro. Fem månader seinare skåra han sitt fyrste landslagsmål i ein privatlandskamp mot Irland som enda 1-1. I sin tiande landskamp vart han matchvinnar då han skåra det einaste målet i kampen mot Thailand i Bangkok, 18. mars 2012. Han var landslagskaptein i sine to siste landskampar, begge spelt i Abu Dhabi i januar 2014 og mot høvesvis Moldova og Polen.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- Seriemeister: 2015 med Rosenborg BK
- Noregsmeister: 2015 med Rosenborg BK