Hopp til innhald

Tom ved Ob

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tom
elv
Tom ved Tomsk
Land  Russland
Nedslagsfelt 62 000 km²
Lengd 827 km
Middelvassføring 1 100 /s
Kjelde Abakanfjella
Munning Ob
Kart
Tom ved Ob
53°39′05″N 89°45′50″E / 53.6513°N 89.7638°E / 53.6513; 89.7638
Wikimedia Commons: Tom River

Tom (russisk Томь) er ei elv i Khakasia, Kemerovo og Tomsk oblast i Russland og ei av sideelvane til Ob frå høgre. Elva er 827 km lang og har eit nedslagsfelt på 62 000 km². Elva har ei middelvassføring på 1100 m³/s eller 35 km³ per år.

Elva har utspring i Abakanfjella, ei nordleg fortsetjing av Altajfjella, og renn nordover gjennom Kuznetsksenkinga. Ho munnar ut i Ob rundt 50 km nord for Tomsk.

Dei største byane langs Tom er Mezjduretsjensk, Novokuznetsk, Kemerovo, Jurga, Tomsk og Seversk.

Dei største sideelvane hennar er Aba, Bel-Su, Kondoma, Mras-Su, Nedre Ters, Midtre Ters og Øvre Ters, Tutujas og Usa.