Hopp til innhald

Thurgau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Thurgau
Thurgovie, Turgovia
kanton
Symbol
Forkorting: TG
Land  Sveits
Del av Aust-Sveits, Northeastern Switzerland
Hovudstad Frauenfeld
Høgaste punkt Hohgrat
 •  høgd 991 moh.
Areal 991,77 km²
Folketal 276 472 (31. desember 2018)[1]
Kanton sidan 1803
Kart
Thurgau
47°35′00″N 9°04′00″E / 47.583333333333°N 9.0666666666667°E / 47.583333333333; 9.0666666666667
Kart som viser Thurgau.
Kart som viser Thurgau.
Kart som viser Thurgau.
Wikimedia Commons: Canton of Thurgau

Thurgau er ein kanton nordaust i Sveits. Kantonen grensar til Tyskland og Bodensjøen i nord, og til kantonane Schaffhausen, Zürich og St. Gallen. Thurgau har eit areal på 991 km² og hadde om lag 276 000 innbyggarar i 2018. Frauenfeld er hovudstad i kantonen.

Kart over distrikta i Thurgau.
Kart over kommunane i Thurgau.

Kantonen grensar i nord mot den tyske delstaten Baden-Württemberg og kantonen Schaffhausen. Høgste punktet i kantonen er 991 meter over havet og ligg i kommunen Fischingen, lengst sør i Thurgau. Kantonen har namn etter elva Thur som kryssar området frå søraust til nordvest, og som renn vidare ut i Rhinen i kantonen Zürich. 61,0 % av flatevidda er landbruksareal.

Språk og religion

[endre | endre wikiteksten]

Tysk er dominerande talemål i Thurgau, den lokale dialekten høyrer til høgalemannisk. 45,1% av innbyggarane er knytt til protestantiske kyrkjesamfunn, medan 35,6 soknar til den romersk-katolske kyrkja.

Distrikt og kommunar

[endre | endre wikiteksten]

Thurgau er frå 2011 delt opp i fem distrikt (bezirke), som er delt opp i til saman 80 kommunar. Dei fem distrikta er Arbon, Frauenfeld, Kreuzlingen, Münchwilen og Weinfelden. Til 2010 var Thurgau delt i åtte distrikt.

Frå 1460 var Thurgau eit landområde (Gemeine Herrschaft) underlagt dei sveitsiske kantonane Glarus, Luzern, Schwyz, Unterwalden, Uri, Zug og Zürich.

Thurgau vart eigen kanton i 1798. Han gjekk då med i den kortliva republikken Helvetia. Sidan 1803 har Thurgau vore med i Det sveitsiske eidssambandet, på lik linje med dei fleste andre kantonane.

Utsyn over Thundorf, nær Frauenfeld, med fjellkjeda Alpstein mot horisonten.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Thurgau