Talvik kyrkje
Talvik kyrkje | |||
kyrkje | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Finnmark | ||
Kommune | Alta | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Nord-Hålogaland | ||
Prosti | Alta | ||
Sokn | Talvik | ||
Fellesråd | Alta | ||
Type | Langkyrkje | ||
Periode | Nygotikk | ||
Arkitekt | Jacob Wilhelm Nordan | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | 17. oktober 1883 | ||
Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
Sitjeplassar | 410 | ||
Talvik kyrkje 70°02′33″N 22°57′00″E / 70.0425°N 22.9499°E | |||
Wikimedia Commons: Talvik kirke |
Talvik kyrkje er ei langkyrkje frå 1883 i Alta kommune i Finnmark.
Kyrkja er bygd i tre og hadde då ho var ferdig 410 sitjeplassar.
Kyrkja var den einaste bygningen som stod att i Talvik etter andre verdskrigen. Då folk kom heim att etter evakueringa sommaren 1945, tok dei inn i kyrkja.
Tidlegare kyrkjer i Talvik
[endre | endre wikiteksten]Den fyrste kyrkja i Altafjorden vart bygd mot slutten av 1600-talet. Kyrkja låg på Årøya, midt i skipsleia aust i Altafjorden. På Årøya låg det òg eit gammalt festningsverk, og materialar frå festninga vart bruka til å byggje kyrkje. Lenge gjorde presten på Sørvær teneste i fjorddistriktet. Den fyrste presten som budde i Talvik var Anders Larsson Filianus, 1705-23.
Kyrkja på Årøya vart etter få år riven og frakta over fjorden til Talvik, der ho stod ferdig i 1705.
Alt etter 30 år måtte denne kyrkja rivast, og i 1737 stod ei ny kyrkje ferdig. Tømmeret til kyrkja var hogd inne i Alta. Denne kyrkja skulle ha 220 sitjeplassar og 80 ståplassar. Ho var i bruk til ho vart øydelagd av ein storm 16. januar 1882.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- «Talvik kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
- Talvik kirke Arkivert 2016-03-03 ved Wayback Machine. frå Alta kyrkjelege fellesråd
- Talvik kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren