Svartspett
Svartspett | |
Svartspetthann | |
Svartspetthann | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av Svartspett | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Spettefuglar Piciformes |
Familie: | Spettefamilien Picidae |
Slekt: | Dryocopus |
Art: | Svartspett D. martius |
Vitskapleg namn | |
Dryocopus martius |
Svartspett (Dryocopus martius) er ein fugl spettefamilien, og den einaste arten i slekta Dryocopus i Europa. Eit gammalt norsk namn for denne arten er gjertrudsfuglen.
Utsjånad og læte
[endre | endre wikiteksten]Svartspetta er den største spetta i Europa, og lett å kjenne på den svarte drakta. På hannen er heile issen raud, på hoa berre den bakre delen. Fuglen er 50-55 cm lang, med eit vengespenn på 64-68 cm. Vekta er 300 gram. Flukta er kråkeaktig og går ikkje i like utprega bogar som hos dei andre spettene. Læta er eit sterkt «kly-kly-kly» som minner om grønspetta sitt læte. Svartspetta har i tillegg ein lang utdregen klagande låt.
Utbreiing
[endre | endre wikiteksten]Arten er palearktisk og lever frå Skandinavia, Mellom-Europa og Balkan i vest til Nord-Kina, Mandsjuria og det nordlege Japan i aust. Sør for hovudutbreiinga finst arten i somme fjellområde, frå Iberia til Kaukasus.
Leveområde i Noreg
[endre | endre wikiteksten]Truleg er den norske hekkebestanden på 2000-4000 par. Hovudtyngda av denne held til på Austlandet og vidare sørover til Lindesnes. I Trøndelag finst arten meir spreidd. I vest er arten svært fåtalig, særleg på midtre delar av Vestlandet. I heile Nord-Noreg er fuglen svært fåtalig, men arten er påvist hekkande så langt nord som i Øvre Pasvik.
Biotop
[endre | endre wikiteksten]Svartspetta held til i bar- og blandingsskog, og finst også i dei små bøkeskogane i landet. Arten treng daude og døyande tre eller stubbar, samt store reirtre. Kulturlandskap og hus kan godt inngå i leveområda. I område med hogst viser det seg at fuglane driv spesielt mykje næringssøk i 10-40 år gammal skog. Der er det mykje maur i stubbane etter siste hogst. I skog som vert driven for intensivt likar svartspettene seg dårleg.
Hekking
[endre | endre wikiteksten]På våren meislar fuglane ut eit stort reirhol i eit tre, 5-10 meter over marka. Arten brukar ofte gamle hol til reirplassar. Avstanden frå holet ned til reiret kan vere ein halv meter, i blant ein heil meter. Paret kan bruke opp til ein månad på å hakke ut heile reirholet. Hoa legg 3-6 egg i byrjinga av mai, og rugetida er 12-14 døgn. Ungane flyg etter 24-28 døgn. Den første veka etter klekkinga varmar foreldra ungane nesten heile tida. Vert dei aleine ei stund pakkar dei seg i hop i ein pyramide der dei sit på føtene og luter seg mot kvarandre. Formasjonen hjelper også ungane å holde opp dei tunge hovuda sine medan dei ventar på foreldra og maten. Foreldra samlar mat som dei gulpar opp til ungane.
Føde
[endre | endre wikiteksten]Kosten er for det meste maur, men også andre dyr som lever i ved, slik som insekt og edderkoppar.
Trekktilhøve
[endre | endre wikiteksten]Arten er standfugl. Ein sjeldan gong kan svartspettene flytte invasjonsarta.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Svensk Wikipedia.
- Norsk Fugleatlas, 1994.