Sundklakkstraumen bru
Utsjånad
Brua med Gimsøya i venstre | |||
Type | vegbru, Fritt frambyggbru | ||
---|---|---|---|
Stad | Vågan og Vestvågøy | ||
Opna | 1976 | ||
Strekning | Europaveg 10 | ||
Lengd | 271 meter | ||
Største spenn | 90 m | ||
Kryssar | Sundklakkstraumen | ||
Materiale | spennarmert betong | ||
Utforming | fritt frambygg-bru | ||
Sundklakkstraumen bru 68°16′05″N 14°09′20″E / 68.2681°N 14.1556°E |
Sundklakkstraumen bru er ei fritt frambygg-bru som kryssar Sundklakkstraumen mellom Gimsøya og Vestvågøya i Nordland. Brua er 271 meter lang og har et hovudspenn på 90 meter. Seglingshøgda er tolv meter, og brua har i alt sju spenn.[1] Ho vart opna i 1976 og er ein del av europaveg 10. Saman med Gimsøystraumen bru (opna 1981) erstatta ho ferjestrekninga mellom Lyngvær på Austvågøya, Smorten på Vestvågøya og Sundklakk på Gimsøya. Ferjesambandet hadde vore i drift sidan 1955.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Denne artikkelen byggjer på «Sundklakkstraumen bru» henta frå Wikipedia på bokmål 12. mars 2008. Bokmålsartikkelen oppgav desse kjeldene:
- ↑ Johan Brun: Våre bruer. Damm 2003. ISBN 82-496-0760-0