Strandrug
Strandrug | |
Strandrug | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Grasordenen Poales |
Familie: | Grasfamilien Poaceae |
Underfamilie: | Pooideae |
Stamme: | Triticeae |
Slekt: | Leymus |
Art: | Strandrug L. arenarius |
Vitskapleg namn | |
Leymus arenarius |
Strandrug (Leymus arenarius, tidlegare Elymus arenarius) er ein fleirårig grasart med karakteristiske blågrøne, lange og spisse blad, og eit kornstrå med aks som kan minna om rug. Rotsystemet er forgreina, og gjer at planten kan spreia seg som bindeplante langs sandstrender. Han har ei høgd på 40-70 cm.
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Blada er 8-15 mm breie, spisse ytst og hole nedst, og kan rulla seg til sylinderformasjon i sterkt sollys for å halda på fukt. Bladnervane er relativt grove. Aksa er 15-30 cm høge, og fargen går frå grøn til halmgul i løpet av sommaren. Aksa veks med 2-4 småaks per ledd på kornstilken.
Utbreiing
[endre | endre wikiteksten]Strandrug er nokre av dei mest nøysame plantane på sandstrender, men plasserer seg likevel gjerne ytst (mot strandsida) for å nyta godt av jord som bles inn over stranda.
Planten veks langs strender i heile Kyst-Noreg, og langs elvebredder i innlandet. I nødsår har ein nytta strandrug som basis for mjøl i Noreg.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Strandrug» frå Wikipedia på bokmål, den 17. juni 2023.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (no) Strandrug hos Artsdatabanken
- (en) Strandrug – oversikt og omtale av artane i WORMS-databasen
- (en) Strandrug i Encyclopedia of Life
- (en) Strandrug i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) Strandrug hos Dyntaxa
- (en) Strandrug hos ITIS
- (en) Strandrug hos NCBI
- (en) Strandrug hos The International Plant Names Index
- (en) Strandrug hos Tropicos
- (en) Kategori:Leymus arenarius – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Leymus arenarius – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons