Strand kommune
Strand kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Rogaland | ||
Adm.senter | Jørpeland | ||
Areal | 261,69 km² | ||
• land | 235,83 km² | ||
• vatn | 25,86 km² | ||
Folketal | 13 703 (1. januar 2024) | ||
Målform | nøytral | ||
Ordførar | Irene H. Lauvsnes (H) | ||
Kommunenr. | 1130 | ||
Strand kommune 59°03′48″N 6°01′40″E / 59.063333°N 6.027778°E | |||
Kart som viser Strand kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Strand, Norway | |||
Nettstad: www.strand.kommune.no |
Strand er ein kommune i Rogaland fylke, i landskapet Ryfylke. Jørpeland i Strand med om lag 6000 innbyggjarar vart by i 1998. Tettstaden Tau har om lag 3000 innbyggjarar.
Strand kommune dekkjer ei halvøy som ligg mellom Idsefjorden og Fognafjorden/Årdalsfjorden og fleire småøyar, som Idse, Idsal og Hidle. Kommunen fekk dei noverande grensene sine i 1965, då landet på sørbredden av Årdalsfjorden blei overført frå Årdal kommune.
Kommunen har namn etter ein strandliggjande gard. Kommunevåpenet viser tre raude vasshjul på sølv bakgrunn.
Økonomi
[endre | endre wikiteksten]Næringslivet i Strand har tradisjonelt vore sterkt dominert av metallindustrien gjennom Stavanger Staal, seinare Scana Steel Stavanger AS. Verkstadindustri er ei anna viktig næring. Jørpelandselva og Tauelva er bygde ut med kvart sitt kraftverk. Innan landbruk blir det drive med dyrehald og fruktdyrking og noko skogbruk.
Kjente strandbuar
[endre | endre wikiteksten]- Ole Kallem (1813–1885), emissær
- Torvald Fiskå (1899–1944), bonde, militær og motstandsmann
- Trygve Holst (1907–1945), reklamesjef og motstandsmann
- Jon Gjedebo (f. 1945), oppfinnar og forretningsmann
- Hallgeir H. Langeland (f. 1955), stortingsrepresentant
- Stein Rønning (1965–2008), kampsportutøvar
- Helge Steinsvåg (f. 1970), ordførar
- Stian Heimlund Skjæveland (f. 1973), kunstnar
- Gunn-Rita Dahle Flesjå (f. 1973), terrengsyklist
- Espen Fiveland (f. 1974), journalist
- Ellen Dorrit Petersen (f. 1975), skodespelar
- Hugo Mikal Skår (f. 1978), skodespelar
- Silje Vige (f. 1976), artist
- Morten Veland (f. 1977), musikar
- Hadia Tajik (f. 1983), stortingsrepresentant og statsråd
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Velkommen til Strand Arkivert 2014-01-06 ved Wayback Machine., strand.kommune.no
- Thorsnæs, Geir, Strand: kommune (8. juli 2010), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 5. januar 2014 fra