Stein
Utsjånad
- Denne artikkelen handlar om materialet. For namnet, sjå Stein som namn.
Stein viser til bergartar, og blir særleg brukt om bitar av berg og stein som materiale.
Stein er i regelen eit solid og slitesterkt materiale som særleg blir brukt i monumentalbygg, som tempel, slott og viktige offentlege bygg. Det kan skjerast til i blokker og formast til skulpturar eller relieff. I helleform kan stein brukast på golv eller tak.
I Noreg har det vore mindre brukt som byggemateriale, men lause steinar er blitt brukte til å laga steingardar og grunnmurar og til vardebygging.
Steinar kan polerast og brukast som smykkestein. Mindre steinar blir kalla grus, medan sandkorn er så små at dei ikkje blir rekna som steinar.
-
Hus av stein på den skotske øya Skye.
-
Belgisk hus med veggar og tak av stein.
-
Monumentalbygg som Nidarosdomen er ofte blitt bygd i stein.
-
Vignola castello i Modena.