St. Petersburg
Sankt Peterburg | |||
Санкт-Петербург | |||
by | |||
Den engelske breidda i St. Petersburg.
| |||
|
|||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Del av | Den nordvestlige føderasjonskrets | ||
Høgd | 3 m | ||
Areal | 1 439 km² | ||
Type | Føderal by | ||
Folketal | 5 597 763 (2024) | ||
Grunnlagd | 1703 | ||
Tidssone | MSK (UTC+3) | ||
- Sommartid | MSD (UTC+4) | ||
Postnummer | 190000–199406 | ||
Retningsnummer | +7 812 | ||
Bilnummer | 78, 98 | ||
St. Petersburg 59°57′00″N 30°19′00″E / 59.95°N 30.316666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Saint Petersburg |
St. Petersburg eller Sankt Petersburg[a] er den nest største byen i Russland og ligg inst i Finskebukta ved elva Neva. Byen er eit føderasjonssubjekt i Den russiske føderasjonen. Byen hadde forskjellige namn på 1900-talet, Petrograd frå 1914 til 1924 og Leningrad frå 1924 til 1991. I russisk daglegtale vert byen kalla Piter eller Peterburg.
Byen vart grunnlagd av tsar Peter den store den 27. mai 1703 og vart gjort til hovudstad i Det russiske imperiet i over to hundre år (1713–1728, 1732–1918). Hovudstaden vart flytta tilbake til Moskva i 1918 etter den russiske revolusjonen.[1]
Byen har i dag kring 4,9 millionar innbyggjarar og over 6 millionar innbyggjarar i storbyområdet. St. Petersburg er eit stort kultursenter i Europa og ein viktig russisk hamneby ved Austersjøen.
St. Petersburg vert ofte skildra som den mest vestlege byen i Russland.[2] St. Petersbyrg er den nordlegaste millionbyen i verda. Det historiske sentrumert i byen er innskrive på verdsarvlista til UNESCO. Som det politiske og kulturelle senteret i Russland i meir enn 200 år har byen stundom i Russland vorte kalla «den nordlege hovudstaden». Mange utanlandske konsulat, internasjonale selskap, bankar og andre føretak held til i St. Petersburg.
Næringsvegar
[endre | endre wikiteksten]Byen har mykje handel der hamna speler ei viktig rolle, samt mykje forskjellig industri. I tillegg er det mykje turisme og byen er rekna som det største kultursenteret i landet med mange attraksjonar.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Klima
[endre | endre wikiteksten]Vêrdata for St. Petersburg | |||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År | |
Gjennomsnittleg maks °C | −3,2 | −2,9 | 2,1 | 9,3 | 16,1 | 20,2 | 23 | 20,9 | 15,2 | 8,6 | 2,3 | −1 | 9,2 |
Døgnmiddeltemperatur °C | −5,7 | −5,5 | −1 | 5,4 | 11,6 | 16,1 | 19,1 | 17,3 | 12,1 | 6,3 | 0,4 | −3,2 | 6,1 |
Gjennomsnittleg min °C | −8,1 | −8,2 | −4,1 | 1,5 | 7,1 | 11,9 | 15,1 | 13,6 | 9 | 4 | −1,5 | −5,4 | 2,9 |
Gjennomsnittleg nedbør mm | 45,3 | 34,1 | 33,8 | 33,4 | 45,7 | 68,8 | 81,4 | 88,9 | 63,5 | 65,5 | 57,8 | 52,8 | 671 |
Kjelde: St. Petersburg - vær og klima |
Historie
[endre | endre wikiteksten]Peter den store grunnla St. Petersburg i 1703 i ønske om å skape eit «vindauge mot vest», ein europeisk storby. Namnet på byen vart først skrive på nederlandsk, Piterburkh, men vart seinare endra til det tyske St. Petersburg. Mange byar i Vest-Russland har tyske namn, mellom anna fordi tysk vart sett på som eit finare språk enn russisk, og vart nytta av byborgarskapet og adelen i vest; særleg i St. Petersburg. Byen ligg til i eit myrområde som ein gong høyrte til Sverige, der elva Neva munnar ut i Finskebukta. Det var denne strategiske plasseringa i forhold til Austersjøen som var årsaka til at St. Petersburg vart bygd akkurat der. St. Petersburg vart bygd under leiing av tyske ingeniørar tsaren hadde invitert. Byen var verna av ei festning på øya Kronstadt.
Datoen for grunnlegginga vert rekna som 16. mai, då fundamentet for Peter-Paul-festninga vart lagt. Byen vart offisielt hovudstad i Russland i 1712, då tsar-familien flytta frå Moskva, og var hovudstad fram til den russiske revolusjonen i 1917.
Då første verdskrigen braut ut i 1914, vart han omdøypt til Petrograd fordi St. Petersburg var tysk, og under kommunismen vart han omdøypt til Leningrad den 29. januar 1924, etter at Vladimir Lenin døydde. Då Finland vart invadert av sovjetiske styrkar i november 1939, vart åtaket forsøkt rettferdiggjort ved ein påstand om at Sovjetunionen berre ønska å styrke forsvaret av Leningrad. Historiske finske busetnader låg framleis inntil forstadane av byen, fordi Peter den store hadde gjort den feil å anlegge hovudstaden på erobra framand jord. Stalin akta å deportere den finske folkesetnaden i området.[3]
Under andre verdskrigen vart byen omringa og omleira av det tyske Wehrmacht. Omleiringa varte frå 8. september 1941 til 27. januar 1944, heile 29 månader. I løpet av omleiringa er det estimert at om lag 800 000 av dei 4 000 000 innbyggjarane i byen døydde. For den heltemodige motstanden vart byen utnemnd til helteby.
Då Sovjetunionen gjekk mot slutten, fekk byen 6. september 1991 tilbake sitt opphavlege, tyske namn, St. Petersburg.
Folkesetnad
[endre | endre wikiteksten]St. Petersburg har tiltrekt seg innflyttarar frå heile Russland og andre delar av det som var Sovjetunionen. Den klart største folkegruppa er likevel etniske russarar. Ved folketeljinga i 2010 var dei største folkegruppene:[4]
- Russarar: 80,1 %
- Ukrainarar: 1,3 %
13,4 % oppgav ikkje etnisitet ved folketeljinga.
Folketalsutvikling
[endre | endre wikiteksten]År | Innbyggjarar |
---|---|
1800 | 220 200 |
1830 | 435 500 |
1850 | 487 300 |
1881 | 928 000 |
1900 | 1 440 000 |
1915 | 2 348 000 |
1920 | 763 900 |
1925 | 1 379 000 |
2002 | 4 700 000 |
2010 | 4 880 000 |
Attraksjonar
[endre | endre wikiteksten]- Eremitasjen
- Peter-Paul-festninga
- Aleksandr Nevskij-klosteret
- Smolnyj-klosteret
- Nevskij prospekt
- Kazan-katedralen
- Mariinskij-teateret
- Oppstodekyrkja
- Isakskatedralen
- Panserkryssaren Aurora
- Vinterpalasset
- Lomonosov-brua
Merknader
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Delar av denne artikkelen bygger på «St. Petersburg» frå Wikipedia på bokmål, den 6. november 2008.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ Nicholas and Alexandra: An Intimate Account of the Last of the Romanovs and the Fall of Imperial Russia (Athenum, 1967) av Robert K. Massie, ASIN B000CGP8M2 ISBN 0-345-43831-0
- ↑ V. Morozov. The Discourses of Saint Petersburg and the Shaping of a Wider Europe. Copenhagen Peace Research institute. 2002. [1]
- ↑ Norman Davies: Europa i krig, forlaget Gyldendal, Oslo 2007, ISBN 978-82-05-37623-6
- ↑ "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010