Hopp til innhald

Sprengkraft

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sprengkraft er ein måte å måle den øydeleggande verknaden for sprengstoff på. Ofte vert målet TNT-ekvivalent brukt. Dette tyder at ein samanliknar øydeleggingane av sprengstoffet med kor mykje TNT, ein må bruke for å oppnå den same skaden. Trykket målast i eininga bar eller millibar.

  • 3 mbar: Høgare smell enn smertegrensa på 140 dB
  • 10 mbar: Skade på vindauga
  • 35–70 mbar: Vindauga vert knuste
  • 50 mbar: Øvste grense for bøtelege skadar på levande vesen
  • 70 mbar: Skade på bygningar
  • 200 mbar: Stor øydelegging på stålkonstruksjonar (høghus)
  • 1400 mbar: Full øydelegging
  • 2000 mbar: Direkte død på levande vesen i 99% av tilfella.

Berekna rekkevidde s - på ei sprenging med sprengkraftt M, forårsakar ein trykkskilnad P :

med: s = rekkevidde i meter; P = trykkskilnad i bar; M = TNT-masse-ekvivalent i kilo

10 tonn TNT forårsakar i ein radius på 100 meter ein trykkskilnad på 350 mbar. 1 kilo TNT forårsakar ein trykkskilnad på 280 mbar på 5 meter. Atombomba over Hiroshima i 1945, Little Boy, årsaka ei sprengkraft på 13000 tonn TNT. Den største bomba som er sprengd nokon gong, er Tsar-Bomba, hadde ei sprengkraft på 57 millionar tonn TNT.

Døme på eit typisk russisk stridshovud på 550 kilotonn:

Eldkule radius: 0.99 km (3.07 km²) - alt brenn eller smeltar

Trykkbølge 20 PSI: 1.78 km (9.99 km²) - alle bygningar fullstendig øydelagde

Strålingsradius (500 rem): 2.32 km (16.9 km²) - mellom 50 og 90% død av levande vesen

Trykkbølge 5 PSI: 3.75 km (44.2 km²) - flesteparten av vanlege bygg øydelagde

Varmestråling til 3. grads forbrenning: - 8.24 km (213 km²)

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]