Sosionom
Utsjånad
Sosionom er nemninga på ein person som driv hjelpearbeid innanfor helse- og sosialtjenesta når det gjeld kliniske og/eller administrative oppgåver. Det er krav om å ha fullført treårig utdanning på sosiallina ved ei høgskule for å verte sosionom, men det er inga offentleg godkjenningsordning for sosionomar. Sosionomar som er tilsette på sjukehus for å hjelpe pasientar med å ta hand om nokre av dei gjeremåla dei ikkje kan stå for sjølv medan dei er på sjukehuset, vert ofte kalla sosialkuratorar.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Om sosionomutdanninga på nettstaden utdanning.no. Arkivert 2014-03-24 ved Wayback Machine.