Sorsele kommun
Sorsele kommun | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Sverige | ||
---|---|---|---|
Len | Västerbottens län | ||
Landskap | Lappland | ||
Del av | Lappland i Sverige, Q61669443 | ||
Areal | 7 957,64 km² | ||
• land | 7 368,44 km² | ||
• vatn | 589,2 km² | ||
Folketal | 2 699[1] (2011) | ||
Sorsele kommun 65°32′00″N 17°32′00″E / 65.533333333333°N 17.533333333333°E | |||
Kart som viser Sorsele kommun.
| |||
Wikimedia Commons: Sorsele Municipality |
Sorsele kommune ligg i Västerbottens län i Lappland i Sverige. Kommunen grensar i vest til Rana kommune i Noreg, til Arjeplog kommune i nord, Malå kommune og Lycksele kommune i aust, og Storuman kommune i sør. Sorsele er den nest minste kommunen i Sverige etter folketal.
Administrasjonssenter i kommunen er Sorsele.
Administrativ historie
[endre | endre wikiteksten]Dei to kommunereformane i 1952 og 1971 påverka ikkje grensene til Sorsele kommune. Den einaste verknaden av den første var at eit municipalsamhälle som vart oppretta i 1935, vart oppløyst i 1955.
Kommunekommunevåpenet
[endre | endre wikiteksten]Kommunekommunevåpenet til Sorsele kommune kom til etter ein konkurranse på 1960-talet, og vart fastlagt ved ein kongeleg resolusjon i 1970, og deretter registret av Patent- och registreringsverket i 1974. Kommunevåpenskjoldet viser to krosslagde blå ski gjennomtrengt av eit blått ulvespyd med raud spiss. Over spydet er det ein kniv for tilreiing av reinhorn.
Samisk språk
[endre | endre wikiteksten]Samisk har status som offisielt minoritetsspråk i kommunen[2] og kommunen inngår i forvaltningsområdet for samisk språk i Sverige.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Innsjøen Storvindeln ligg i kommunen. Vindelälven er det største vassdraget. Delar av fjellområdet Vindelfjällen på grensa mot Storuman kommune er eit naturreservat. I aust er det store myr- og skogområde, og skogbruk og treindustri er viktige næringar i kommunen.[3] Reindrift er òg ei viktig næring, i fjellbyen Ammernes finst området i Sverige med høgast reintettleik.[4]
E45 og Inlandsbanan går gjennom kommunen.
Tettstader
[endre | endre wikiteksten]Sorsele kommune hadde berre ein tettstad i 2005. Folketalet i tabellen er frå 31. desember 2005].[5]
# | Tettstad | Innbyggjarar |
---|---|---|
1. | Sorsele | 1 288 |
Småstader
[endre | endre wikiteksten]Det finst tre småstader i Sorsele kommune (folketal den 31. desember 2005):[6]
Nr | Småstad | Folketal |
---|---|---|
1 | Blattnicksele | 187 |
2 | Gargnäs | 138 |
3 | Ammarnäs | 95 |
Andre stader
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Sorsele kommune» frå Wikipedia på bokmål, den 27. juni 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ Folketalsstatistik kvartal 3 2011. Statistiska centralbyrån (30. september 2011). Besøkt 7. januar 2012.
- ↑ Det svenske Språkrådets hjemmesider, om minoritetsspråk
- ↑ Artikkel om Sorsele kommune i snl.no
- ↑ Renskötsel i Sorsele Arkivert 2013-12-07 ved Wayback Machine. frå nettstaden til Storsele kommunes.
- ↑ Statistiska centralbyrån den 31 december 2005
- ↑ Statistiska centralbyrån den 31 december 2005