Songen The Stranger
The Stranger Singel av Billy Joel frå albumet The Stranger | ||
B-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 21. mai 1978 (Japan) | |
Innspelt | A & R Recording Inc., New York City, 1977 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 5:10 (B-side 3:27) | |
Selskap | Columbia CBS Sony (Japan) | |
Tekstforfattar | Billy Joel | |
Låtskrivar(ar) | Billy Joel | |
Produsent | Phil Ramone | |
Billy Joel-kronologi | ||
«She's Always a Woman» (1977) |
The Stranger | «My Life» (1978)
|
«The Stranger» er ein song av Billy Joel frå albumet med same namn, The Stranger, frå 1977.[1] Songen vart gjeven ut som singel i Japan der han vart særs populær og nådde andreplassen på singellista. Songen gjekk òginn på lista i Australia. Det var den siste singelen frå albumet i Japan, medan USA og Storbritannia fekk «She's Always a Woman», gjeven ut året før, som den siste singelen frå albumet.
Singel er òg gjeven ut på samlealbumet Greatest Hits - Volume I & II.[2]
Ein to minuttar lang instrumental reprise av songen finst på slutten av albumet, etter «Everybody Has a Dream».
Billy Joel ønskte opphavleg eit instrument til å spele melodien og plystra melodien for produsenten Phil Ramone. Ramone meinte då at Joel burde plystre melodien på innspelinga i staden.[3]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]7" vinyl (CBS)
[endre | endre wikiteksten]- «The Stranger»
- «Just The Way You Are»
Japansk 7" vinyl
[endre | endre wikiteksten]- «The Stranger» [5:10]
- «Movin' Out (Anthony's Song)» [3:27]
Lister
[endre | endre wikiteksten]Liste (1978) | Plassering |
---|---|
Australia | 59 |
Japan | 2 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «The Stranger (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 28. august 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Useted, Tom (24. juli 2008). «Billy Joel: The Stranger». PopMatters.
- ↑ AllMusic[daud lenkje]
- ↑ Joel, Billy (April 3, 2013). «Billy Joel Pays Tribute to Phil Ramone: 'He Was the King'». Rolling Stone.[daud lenkje]