Songen The Number of the Beast
The Number of the Beast av Iron Maiden frå albumet The Number of the Beast | ||
B-side |
1982 | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 26 April 1982 3 January 2005 | |
Innspelt | 1981 | |
Sjanger | Heavy metal | |
Lengd | 4:49 | |
Selskap | EMI | |
Komponist | Steve Harris | |
Tekstforfattar | Steve Harris | |
Låtskrivar(ar) | Steve Harris | |
Produsent | Martin Birch | |
Iron Maiden-kronologi | ||
«Run to the Hills» (1982) |
The Number of the Beast | «Flight of Icarus» (1983) |
-kronologi | ||
«Rainmaker» (2003) |
The Number of the Beast | «The Trooper» (live) (2006)
|
«The Number of the Beast» er ein song av det engelske heavy metal-bandet Iron Maiden. Han var den sjuande singelen til Iron Maiden, og den andre singelen frå studioalbumet med same namn frå 1982. Han vart gjeven ut på singel på ny i 2005.
Då songen kom ut i 1982 skapte han kontroversar i USA, der det religiøse temaet skapte raseri i religiøse grupper. Trass i dette er det ein av dei meir populære songane til bandet. Singelen nådde 18. plassen på den britiske singellista og han har bltit spelt på nesten alle turneane deira. I tillegg har songen blitt spelt av mange andre artistar og har blitt nytta i mange videospel og filmar.
Låtskriving og innspeling
[endre | endre wikiteksten]I følgje låtskrivaren og bassisten Steve Harris vart han inspirert av eit mareritt han hadde etter å ha sett filmen Damien: Omen II,[1] i tillegg til diktet Tam o' Shanter av Robert Burns.[2]
Songen opnar med ein talt intro, lesen av den engelske skodespelaren Barry Clayton,[3] som siterer Johannes' openberring 12:12 og 13:18. I følgje vokalisten Bruce Dickinson spurte bandet opphavleg Vincent Price om å lese introen, men valde å gå for Clayton etter at Price nekta å gjere det for mindre enn 25 000 pund.[4]
Songen er kjend for det særs lange, lyse skriket mot slutten av introen, som AllMusic har kalla «det mest hårreisande skriket til Dickinson på plate».[5] I dokumentarfilmen Classic Albums, basert på The Number of the Beast, sa Dickinson at det kom fordi han var frustrert av produsenten Martin Birch, som tvang han til å syngje introen om att og om att, time etter time.[2]
Detaljar
[endre | endre wikiteksten]Plateomslaget til singelen er den siste av tre singlar der Riggs teikna Satan, som først dukka opp på omslaget til singelen «Purgatory». Omslaget til The Number of the Beast er etterverknaden til omslaget til «Run to the Hills» der ein ser Eddie og Satan i eit slag. Singelen var òg gjeven ut på raud vinyl.
Konsertversjonen av «Remember Tomorrow» vart spelt inn under Killer-turneen i Padova i Italia den 29. oktober 1981 med Bruce Dickinson på vokal.[6] Dickinson hadde sunge live for første gongen med Iron Maidel berre tre konsertar tidlegare, den 26. oktober i Bologna, ein og ein halv månad etter den førre vokalisten Paul Di'Anno.[7] Det var òg den siste singelen med Clive Burr på trommer, då han vart erstatta av Nicko McBrain mot slutten av The Beast on the Road-turneen i 1982.[8]
I 2005 vart «The Number of the Beast» gjeve ut på ny i samband med DVD-filmen The History of Iron Maiden – Part 1: The Early Days, i lag med konsertversjonar av songen og «Hallowed Be Thy Name», spelt inn i 2002.[9]
Ettermæle
[endre | endre wikiteksten]«The Number of the Beast» er ein av dei mest populære songane til bandet, og vart plassert på sjuandeplassen på lista til VH1 over dei 40 beste metal-songane[10] og sjetteplassen i boka til Martin Popoff kalla «The Top 500 Heavy Metal Songs of All Time», ei liste som vart sett saman etter stemmer frå 15 000 musikarar, musikkjournalistar og publikum.[11]
Songen har sidan blitt spelt av Avulsed,[12] Iced Earth,[13] Sinergy,[14] Powderfinger,[15] Djali Zwan (med ein versjon som vart nytta i filmen Spun]]),[16] The Iron Maidens[17] og mange andre band. I tillegg vart han spelt av The String Quartet Tribute.[18]
Songen er blitt nytta i videospel som Tony Hawk's Pro Skater 4,[19] Guitar Hero III: Legends of Rock,[20] og kan lastast ned til Rock Band-serien.[21] Songen vart nytta i filmen Murder by Numbers.[22]
Kontrovers
[endre | endre wikiteksten]I tillegg til plateomslaget og tittelen, vart songen eit mål for religiøse grupper i USA som skulda Iron Maiden for å vere ei satanistisk gruppe.[5][23] Kontroversen førte til at albuma deira vart brende og fleire demonstrasjonar under turneen deira i 1982,[2][23] sjølv om dette berre gav bandet meir publisitet.[5][24] Steve Harris har sidan kommentert at desse skuldingane var «galskap. Dei misforstod totalt. Dei hadde tydelegvis ikkje lese teksten. Dei berre ønskte å tru alt det tøvet om at me var satanistar».[25]
På det neste albumet deira, Piece of Mind, plasserte bandet ei skjult, baklengs melding i byrjinga av songen «Still Life», der trommeslagaren i Nicko McBrain, parodierer ein full Idi Amin.[26] I følgje McBrain sa han «Don't meddle wid t'ings yo don't understand», og dette var retta mot dei som meinte Iron Maiden var djeveldyrkarar, og sa «Me tenkte at om folk skal vere så toskete om dette her, så kan me like gjerne gje dei noko å vere toskete for.»[26]
På toppen av skuldingane av satanisme, vart Eddie redigert bort frå musikkvideoen til «The Number of the Beast» etter han først vart vist på MTV, etter klagar frå redde sjåarar.[27]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]1982 7" britisk singel (EMI 5287)
1990 CD-singel
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «The Number of the Beast» | Steve Harris | 4:49 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Remember Tomorrow» (live in Padua, Italy, 29 October 1981) | Harris, Paul Di'Anno | 5:26 |
2005 utvida CD (EMS 666)
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «The Number of the Beast» | Harris | 4:53 |
2. | «The Number of the Beast» (konsertopptak frå the Brixton Academy, London, 19-21. mars 2002) | Harris | 4:48 |
3. | «Hallowed Be Thy Name» (konsertopptak frå the Brixton Academy, London, 19-21. mars 2002) | Harris | 7:39 |
4. | «The Number of the Beast» (VIDEO) | Harris | |
5. | «The Number of the Beast» (VIDEO - konsertopptak frå the Brixton Academy, London, 19-21. mars 2002) | Harris | 4:48 |
2005 7" raud vinyl (EM 666)
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «The Number of the Beast» | Harris | 4:49 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «The Number of the Beast» (konsertopptak frå the Brixton Academy, London, 19-21. mars 2002) | Harris | 4:48 |
2005 12" biletplate (12EM 666)
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «The Number of the Beast» | Harris | 4:49 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «The Number of the Beast» (konsertopptak frå the Brixton Academy, London, 19-21. mars 2002) | Harris | 4:48 |
2. | «Remember Tomorrow» | Harris, Di'Anno | 5:26 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]Frå 7"-omslaget[28] og nyare utgåver.[29]
- Iron Maiden
- Bruce Dickinson – solovokal
- Dave Murray – gitar
- Adrian Smith – gitar
- Janick Gers – gitar (live - 2005)
- Steve Harris – bassgitar
- Clive Burr – trommer
- Nicko McBrain – trommer (live - 2005)
- Produksjon
- Martin Birch – produsent, lydteknikar
- Derek Riggs – illustrasjon
- Kevin Shirley – miksing (live - 2005)
- Tony Newton – miksing (live - 2005)
Lister
[endre | endre wikiteksten]Singel | Liste (1982) | Plassering | Album |
---|---|---|---|
«The Number of the Beast» | UK Singles Chart | 18[30] | The Number of the Beast |
Irish Singles Chart | 19[31] | ||
Singel | Liste (1990) | Plassering | Album |
«Run to the Hills / The Number of the Beast» | UK Albums Chart[merk 1] | 3[32] | — |
Singel | Liste (2005) | Plassering | Album |
«The Number of the Beast»[merk 2] | Den finske singellista | 2[33] | — |
Den franske singellista | 78[34] | ||
Den tyske singellista | 76[35] | ||
Irish Singles Chart | 11[36] | ||
Den italienske singellista | 5[37] | ||
VG-lista i Noreg | 13[38] | ||
Sverigetopplistan | 40[39] | ||
Den sveitisiske singellista | 42[40] | ||
UK Singles Chart | 3[30] |
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Nyutgjeving av begge singlane som ein del av The First Ten Years. Strekte seg over tidsgrensa til UK Singles chart.
- ↑ Nyutgjeving av original studioversjon i lag med konsertversjon frå 2002.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Wall, Mick (2004). Iron Maiden: Run to the Hills, the Authorised Biography (3rd ed.). Sanctuary Publishing. s. 224. ISBN 1-86074-542-3.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 Classic Albums: Iron Maiden – The Number of the Beast (DVD). Eagle Vision. 4 December 2001.
- ↑ «The 10 Mightiest Intros in Metal». NME. 12 May 2011. Henta 22. august 2016.
- ↑ «Bruce Dickinson: Iron Maiden on tour in 2005». Blabbermouth.net. 8 June 2004. Henta 22. august 2016.
- ↑ 5,0 5,1 5,2 Huey, Steve. «Review: The Number of the Beast». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 23. august 2016.
- ↑ Daniels, Neil (2014). Killers: The Origins of Iron Maiden 1975-1983. Soundcheck Books. s. 115. ISBN 978-0-9575700-2-3.
- ↑ Wall, Mick (2004). Iron Maiden: Run to the Hills, the Authorised Biography (3rd utg.). Sanctuary Publishing. s. 219. ISBN 1-86074-542-3.
- ↑ Wall, Mick (2004). Iron Maiden: Run to the Hills, the Authorised Biography (3rd utg.). Sanctuary Publishing. s. 240. ISBN 1-86074-542-3.
- ↑ «Iron Maiden To Release 'The Number of the Beast'». Blabbermouth.net. 16 November 2004. Henta 23. august 2016.
- ↑ «VH1 40 Greatest Metal Songs», 1–4 May 2006, VH1 Channel, reported by VH1.com Arkivert 2009-02-26 ved Wayback Machine.; henta 23. august 2016.
- ↑ Popoff, Martin (1 October 2002). The Top 500 Heavy Metal Songs of All Time. ECW Press.
- ↑ «Avulsed - Diskografi». Metal Storm. Henta 18 February 2013.
- ↑ «A Tribute to the Gods». Iced Earth. Henta 23. august 2016.
- ↑ «A Tribute to the Beast». Amazon.com. Henta 6. januar 2012.
- ↑ «'Metre': Powderfinger». Amazon.com. Henta 8 March 2008.
- ↑ «Djali Zwan Official Myspace». Myspace. Henta 23. august 2016.
- ↑ «The Iron Maidens discography». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 23. august 2016.
- ↑ «Anatomy of Evil: A string quartet tribute to Iron Maiden». Amazon.com. Henta 23. august 2016.
- ↑ «Tony Hawk's Pro Skater 4 soundtrack». GameSpot. Arkivert frå originalen 15. august 2011. Henta 23. august 2016.
- ↑ «Guitar Hero 3». Amazon.com. Henta 23. august 2016.
- ↑ «Iron Maiden». RockBand.com. Henta 23. august 2016.
- ↑ «Murder by Numbers Soundtrack». IMDb. Henta 23. august 2016.
- ↑ 23,0 23,1 Young, Simon. «Raising Hell». Kerrang! Legends (2): 32.
- ↑ The History of Iron Maiden – Part 1: The Early Days (DVD). EMI. 23 November 2004.
- ↑ Wall, Mick (2004). Iron Maiden: Run to the Hills, the Authorised Biography (3rd ed.). Sanctuary Publishing. s. 228. ISBN 1-86074-542-3.
- ↑ 26,0 26,1 Wall, Mick (2004). Iron Maiden: Run to the Hills, the Authorised Biography (3rd ed.). Sanctuary Publishing. s. 246. ISBN 1-86074-542-3.
- ↑ Various dates in Iron Maiden history
- ↑ «The Number of the Beast» 7 Inch Single. Iron Maiden. EMI. 26 April 1982.
- ↑ «The Number of the Beast» Reissue Picture Disc. Iron Maiden. EMI. 3 January 2005.
- ↑ 30,0 30,1 «Iron Maiden Chart History». Official Charts Company. Henta 1 August 2012.
- ↑ «Search the charts». IRMA. Irishcharts.ie. Henta 3 October 2008.
- ↑ «UK Albums Archive- 17 March 1990». Official Charts Company. Henta 22. august 2016.
- ↑ «Iron Maiden discography». Finland's Official List. finnishcharts.com. Henta 22. august 2016.
- ↑ «Iron Maiden discography». SNEP. lescharts.com. Henta 22. august 2016.
- ↑ «Iron Maiden German singles». Media Control Charts. Musicline.de. Arkivert frå originalen 17. oktober 2012. Henta 22. august 2016.
- ↑ «Iron Maiden discography». IRMA. Irish-charts.con. Henta 22. august 2016.
- ↑ «Iron Maiden discography». FIMI. Italiancharts.com. Henta 22. august 2016.
- ↑ «Iron Maiden discography». VG-lista. Norwegiancharts.com. Henta 22. august 2016.
- ↑ «Iron Maiden discography». Sverigetopplistan. Swedishcharts.com. Henta 22. august 2016.
- ↑ «Iron Maiden - 'The Number of the Beast'». Swiss Music Charts. Henta 22. august 2016.
- Denne artikkelen bygger på «The Number of the Beast (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 23. august 2016.