Seven av Poco
Seven Studioalbum av Poco | ||
Utgjeve | 12. april 1974 | |
Innspelt | Februar 1974 | |
Sjanger | Countryrock | |
Lengd | 35:45 | |
Selskap | Epic | |
Produsent | Jack Richardson | |
Poco-kronologi | ||
---|---|---|
Crazy Eyes (1973) |
Seven | Cantamos (1974)
|
Seven er det sjette studioalbumet til det amerikanske countryrockbandet Poco. Det var det første albumet deira etter at frontmannen Richie Furay slutta i bandet. Plateomslaget var laga av Phil Hartman. På dette albumet eksperimenterte gruppa med ein hardare rockestil på somme av songane.
Utgjeving
[endre | endre wikiteksten]I tillegg til ei vanleg stereoutgåve, vart albumet òg gjeve ut i kvadrofonisk lyd på LP og 8-sporslydband i 1974. Albumet vart gjeve ut i Storbritannia på Super Audio CD i 2018 av Dutton Vocalion. Denne utgåva kom på to plater der den eine plata inneheld albumet Cantamos.
Mottaking
[endre | endre wikiteksten]Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Encyclopedia of Popular Music | [2] |
Allmusic-skribenten Bruce Eder skreiv: «Med sterke, svevande harmoniar, ein sunn balanse mellom akustisk countryrock og tung rock and roll, og somme forholdsvis sterke songar, er Seven ei stor overrasking, sidan det var det første albumet deira etter Richie Furay. Med ein eller to sterke songar til, ville dette vert eit sterkt tilrådd album, og slik som det er, er det likevel ganske bra. Uheldigvis er ikkje alt her like solid som 'Drivin' Wheel' eller 'Rocky Mountain Breakdown'.»[1]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Drivin' Wheel» | Paul Cotton | 6:10 |
2. | «Rocky Mountain Breakdown» | Rusty Young | 2:16 |
3. | «Just Call My Name» | Timothy B. Schmit, Noreen Schmit | 5:12 |
4. | «Skatin'» | T. Schmit | 4:42 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
5. | «Faith in the Families» | Cotton | 3:43 |
6. | «Krikkit's Song (Passing Through)» | T. Schmit | 3:33 |
7. | «Angel» | Cotton | 4:55 |
8. | «You've Got Your Reasons» | Cotton | 5:14 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Paul Cotton – vokal, sologitar and akustisk gitar
- Rusty Young – pedalsteelgitar, banjo, dobro, rytmegitar, akustisk gitar, elektrisk gitar
- Timothy B. Schmit – vokal, bassgitar, perkusjon
- George Grantham – vokal, trommer, perkusjon
Med:
- Jim Messina – mandolin på «Rocky Mountain Breakdown»
- Burton Cummings – klaverinstrument
- Bobbye Hall – conga
- Al Garth – fele på «Rocky Mountain Breakdown»
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Seven (Poco album)» frå Wikipedia på engelsk, den 11. oktober 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Eder, Bruce. «Seven > Review». Allmusic. Henta 11. oktober 2020.
- ↑ Larkin, Colin (2007). Encyclopedia of Popular Music (4. utg.). Oxford University Press. ISBN 978-0195313734.