San Marino i Eurovision Song Contest
| |||||
---|---|---|---|---|---|
(2012–i dag) | |||||
Offisielt | San Marino | ||||
|
|||||
Uttakingar | |||||
Nasjonalt | 3 | ||||
Internt | 10 | ||||
Deltaking | |||||
Debutår | 2008 | ||||
Deltakingar | 13 | ||||
Beste resultat | |||||
Semifinalen | 8 (2019) | ||||
Finalen | 19 (2019) | ||||
Verste resultat | |||||
Semifinalen | Sist (2008, 2017 og 2023) | ||||
Finalen | 24 (2014) | ||||
Poeng | |||||
Semifinalane | 583 | ||||
Finalane | 141 | ||||
Totalt | 724 |
San Marino debuterte i Eurovision Song Contest i 2008 og har delteke tretten gongar. I debutåret kom San Marino på sisteplass i sin semifinale som, saman med sisteplassen i 2017 og 2023, er den dårlegaste plasseringa til landet i Eurovision Song Contest. På tretten forsøk har San Marino berre kvalifisert seg til finalen tre gongar: i 2014, 2019 og sist i 2021. Den beste plasseringa til San Marino er 19.-plassen frå 2019.
Historikk
[endre | endre wikiteksten]I juni 2007 kunngjorde den sanmarinske kringkastaren SMRTV dei ønskte å deltake i Eurovision Song Contest i nær framtid. Fem månader seinare bekrefta kanalen at San Marino skulle delta i Eurovision Song Contest 2008. Deira fyrste bidrag, «Complice» av gruppa Miodio, havna på sisteplass i den fyrste semifinalen med berre fem poeng.
Etter mykje fram og tilbake valde SMRTV å trekkje seg frå tevlinga i 2009 og 2010. Årsaka var ifylgje kringkastaren ein vanskeleg økonomisk situasjon i selskapet.[1]
I 2011 var San Marino tilbake igjen og har delteke kvart år sidan. Den sanmarinske songaren Valentina Monetta deltok tre år på rad og lykkast å få San Marino til finalen på hennar tredje forsøk, 2014. Fram til 2019 var dette den einaste gongen San Marino har delteke i ein Eurovision Song Contest-finale. Monetta var også den fyrste sidan den austerrikske songaren Udo Jürgens i 1966 til å deltake i Eurovision Song Contest tre år i strekk.
Bidrag
[endre | endre wikiteksten]År | Artist | Song | Språk | Finalen | Semifinalen | ||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Poeng | Plass | Poeng | Plass | ||||
2008 | Miodio | «Complice» | Italiensk | Ikkje kvalifisert | 5 | 19 | |
2011 | Senit | «Stand By» | Engelsk | 34 | 16 | ||
2012 | Valentina Monetta | «The Social Network Song (OH OH - Uh - OH OH)» | Engelsk | 31 | 14 | ||
2013 | Valentina Monetta | «Crisalide (Vola)» | Italiensk | 47 | 11 | ||
2014 | Valentina Monetta | «Maybe» | Engelsk | 14 | 24 | 40 | 10 |
2015 | Michele Perniola og Anita Simoncini | «Chain of Lights» | Engelsk | Ikkje kvalifisert | 11 | 16 | |
2016 | Serhat | «I Didn't Know» | Engelsk | 68 | 12 | ||
2017 | Valentina Monetta og Jimmie Wilson | «Spirit of the Night» | Engelsk | 1 | 18 | ||
2018 | Jessika med Jenifer Brening | «Who We Are» | Engelsk | 28 | 17 | ||
2019 | Serhat | «Say Na Na Na» | Engelsk | 77 | 19 | 150 | 8 |
2020 | Senhit | «Freaky!» | Engelsk | Tevling avlyst | |||
2021 | Senhit med Flo Rida | «Adrenalina» | Engelsk | 50 | 22 | 118 | 9 |
2022 | Achille Lauro | «Stripper» | Italiensk og engelsk | Ikkje kvalifisert | 50 | 14 | |
2023 | Piqued Jacks | «Like an Animal» | Engelsk | 16 | 0 |
Galleri
[endre | endre wikiteksten]Røystehistorikk
[endre | endre wikiteksten]Finalane
[endre | endre wikiteksten]
|
|
Semifinalane (2008-2021)
[endre | endre wikiteksten]
|
|
Kringkasting, kommentatorar og poengutdelarar
[endre | endre wikiteksten]År | Kommentator(ar) | Poengutdelar(ar) | ||
---|---|---|---|---|
SMtv San Marino | Radio San Marino | SMtv Web TV | SMtv San Marino | |
2008 | Lia Fiorio og Gigi Restivo (italiensk, alle showa) | Ingen kommentator | Roberto Moretti | |
Inga kringkasting frå 2009 til 2010 | ||||
2011 | Lia Fiorio (italiensk, alle showa) | Ingen kommentator | Ingen kommentator | Nicola Della Valle |
2012 | Lia Fiorio og Gigi Restivo (italiensk, alle showa) | Monica Fabbri | ||
2013 | Lia Fiorio og Gigi Restivo (italiensk, alle showa) | John Kennedy O'Connor | ||
2014 | John Kennedy O'Connor og Jamarie Milkovic (engelsk, alle showa) | Michele Perniola | ||
2015 | TBA | TBA | TBA | Valentina Monetta |
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Viniker, Barry (18. desember 2008). «San Marino leaves Eurovision Song Contest». ESCToday. Henta 20. desember 2016.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen «San Marino i ESC» frå Wikipedia på bokmål, den 24. august 2020.