Rusty Anderson
Rusty Anderson | |||
Anderson i 2014 | |||
Fødd | 20. januar 1958 (66 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | La Habra i California | ||
Opphav | USA | ||
Sjanger | Rock, alternativ rock | ||
Instrument | Gitar | ||
Tilknytte artistar | Ednaswap, Paul McCartney, Rusty Anderson Afternoon, Animal Logic | ||
Plateselskap | Oxide Records, Surfdog, MRI/Red/Sony | ||
Verka som |
|
Rusty Anderson (fødd 20. januar 1958) er ein USA-amerikansk musikar og låtskrivar som er mest kjend for arbeidet sitt som sologitarist for Paul McCartney, men han har òg arbeidd med ei lang rekkje artistar i tillegg til solokarrieren sin.[1][2]
Han har spelt med artistar som The Police, Van Halen, The Runaways, Quiet Riot, Rick Derringer, Eddie Money, The Motels, [3][4] Elton John, Gwen Stefani, Michael Bublé, Cat Stevens, Lana Del Rey, Willie Nelson, Tim McGraw, Carlos Santana, Regina Spektor, Fishbone, Little Richard, og spelte på hitten «Livin’ La Vida Loca» av Ricky Martin.[5]
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Anderson byrja spela elektrisk gitar som åtteåring. Då han var 13 skipa han det fyrste bandet sitt, Eulogy, som spelte hardrock og var verksamt i seks år.[6]
Seinare skipa Anderson The Living Daylights, som delte scene med Fishbone og OMD. I denne gruppa var han hovudlåtskrivaren.[7]
I 1993 skipa han i lag med Scott Cutler og Anne Preven, Carla Azar og Paul Bushnell bandet Ednaswap. Bandet var verksamt til 1999, og gav ut fire album på East West og Island Records. Det stod bak songen «Torn», som Natalie Imbruglia fekk ein stor hitt med.[8][9]
Etter oppløysinga av Ednaswap blei Anderson studiomusikar for ei rekkje artistar. Han spelte med Paul McCartney på albumet Driving Rain, som kom ut i 2001.[6] Deretter spelte han på den verdsomspennande turneen knytt til albumet, og har spelt med McCartney i studio og på turnear sidan.[5][10]
For det første soloalbumet sitt, Undressing Underwater, inviterte Anderson Paul McCartney til å spele bass og resten av McCartney-bandet til å syngje korvokal på solosongen «Hurt Myself».[11]
I 2013 starta Anderson Rusty bandet Anderson Afternoon i lag med den mangeårige samarbeidspartnaren Todd O'Keefe.[12] Dei to hadde spelt i lag i mange år før dei offisielt danna eit band. Den fyrste singelen til Anderson Afternoon, Effortless, kom ut 30. april 2013.
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]Soloalbum
[endre | endre wikiteksten]- Undressing Underwater (2005)
- Born on Earth (2009)
- Rusty Anderson Afternoon II (2014)
- RAA (2016)
Samarbeid
[endre | endre wikiteksten]Med Bryan Adams
- Tracks of My Years (Polydor Records, 2014)
- Get Up (Polydor Records, 2015)
- Shine a Light (Polydor Records, 2019)
Med The Bangles
- Different Light (Columbia Records, 1986)
Med Michael Bublé
- Crazy Love (Reprise Records, 2009)
- Christmas (Reprise Records, 2011)
- To Be Loved (Reprise Records, 2013)
Med Melanie C
- Reason (Virgin Records, 2003)
Med Belinda Carlisle
- Live Your Life Be Free (MCA Records, 1991)
Med Joe Cocker
- Respect Yourself (EMI, 2002)
Med Miley Cyrus
- Breakout (Hollywood Records, 2008)
Med Taylor Dayne
- Satisfied (Adrenaline, 2008)
Med Lana Del Rey
- Honeymoon (Polydor Records, 2015)
Med Neil Diamond
- Lovescape (Columbia Records, 1991)
Med Dido
- No Angel (Arista Records, 1999)
- Life for Rent (Arista Records, 2003)
Med Nelly Furtado
- Loose (Interscope Records, 2006)
- The Spirit Indestructible (Interscope Records, 2012)
Med Geri Halliwell
- Scream If You Wanna Go Faster (EMI, 2001)
Med Susanna Hoffs
- When You're a Boy (Columbia Records, 1991)
Med Nona Hendryx
- Skin Diver (Private Music, 1989)
Med Taylor Hicks
- Taylor Hicks (Arista Records, 2006)
Med Courtney Jaye
- Traveling Light (Island Records, 2005)
Med Jewel
- 0304 (Atlantic Records, 2003)
Med Elton John
- Songs from the West Coast (Mercury Records, 2001)
Med Ronan Keating
- Ronan (Polydor Records, 2000)
- Destination (Polydor Records, 2002)
- Fires (Polydor Records, 2012)
Med Carole King
- Love Makes the World (Koch Records, 2001)
Med k.d. lang
- Invincible Summer (Warner Bros. Records, 2000)
Med Ricky Martin
- Vuelve (Columbia Records, 1998)
- Ricky Martin (Columbia Records, 1999)
- Sound Loaded (Columbia Records, 2000)
- Life (Columbia Records, 2005)
Med Paul McCartney
- Driving Rain (Parlophone Records, 2001)
- Chaos and Creation in the Backyard (Parlophone Records, 2005)
- Memory Almost Full (Hear Music, 2007)
- New (Hear Music, 2013)
- Egypt Station (Capitol Records, 2018)
- McCartney III (Capitol Records, 2020)
Med Tim McGraw
- Emotional Traffic (Curb Records, 2012)
- Damn Country Music (Big Machine Records, 2015)
- Human Again (Mom + Pop Music, 2012)
Med Billie Myers
- Vertigo (Universal, 2000)
Med Stevie Nicks
- Trouble in Shangri-La (Reprise Records, 2001)
Med Sinéad O'Connor
- Faith and Courage (Atlantic Records, 2000)
- To Whom It May Concern (Capitol Records, 2003)
Med Richie Sambora
- Aftermath of the Lowdown (Dangerbird Records, 2012)
Med Ron Sexsmith
- Long Player Late Bloomer (Thirty Tigers, 2011)
Med Michael W. Smith
- Stand (Reunion, 2006)
Med Gwen Stefani
- Love. Angel. Music. Baby. (Interscope Records, 2004)
Med Patty Smyth
- Patty Smyth (MCA Records, 1992)
Med Matthew Sweet
- Inside (Sony Music, 1986)
Med Rob Thomas
- ...Something More (Melisma Records, 2005)
- Cradlesong (Atlantic Records, 2009)
- Someday (Atlantic Records, 2010)
Med Kim Wilde
- Love Is (MCA Records, 1992)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Paul McCartney Guitarist Rusty Anderson Talks Ricky Martin, Van Halen and More». American Songwriter. 12. januar 2021. Henta 26. juni 2021.[daud lenkje]
- ↑ Perone, Pierre (5. august 2010). «Maybe I'm amazed at being McCartney's chosen gitarist». The Independent. Henta 18. november 2017.
- ↑ Blackett, Matt (3. juni 2013). «Spotlight Then and Now: Rusty Anderson». Guitar Player. Henta 28. mai 2022.
- ↑ «Rusty Anderson Interview Part One». Photos.mccartney.net. 2. april 2004. Arkivert frå originalen 19. oktober 2018. Henta 8. mars 2017.
- ↑ 5,0 5,1 «International Guitarist Rusty Anderson to Perform at Smothers Theatre», Pepperdine University (på engelsk), henta 6. januar 2024
- ↑ 6,0 6,1 «Rusty Anderson», www.maximumink.com, henta 6. januar 2024
- ↑ Hall, Tina (4. april 2015), The Damned Book of Interviews (på engelsk), Crossroad Press, henta 6. januar 2024
- ↑ «Natalie Imbruglia — Torn — Listen, watch, download and discover music for free at». Last.fm. Henta 8. mars 2017.
- ↑ Deming, Mark. «Rusty Anderson Biography». Allmusic. Henta 18. november 2017.
- ↑ «Meet Rusty Anderson, Paul McCartney’s Lead Guitarist Since 2001 – Rolling Stone», McCartney Times (på engelsk), 12. oktober 2023, henta 6. januar 2024
- ↑ «Music Review: Rusty Anderson – Born On Earth». Blogcritics.org. 1. november 2009. Arkivert frå originalen 29. juli 2014. Henta 8. mars 2017.
- ↑ O'Keefe, Todd. «Todd O'Keefe | Credits». AllMusic. Henta 8. mars 2017.
- Denne artikkelen bygger på «Rusty Anderson» frå Wikipedia på engelsk, den 29. mai 2022.