Rudolf Nierlich
Utsjånad
Rudolf Nierlich | |
Statsborgarskap | Austerrike |
Fødd | 20. februar 1966 St. Wolfgang im Salzkammergut |
Død | 18. mai 1991 (25 år) St. Wolfgang im Salzkammergut |
Idrett | alpint |
Tok del i | Vinter-OL 1988 |
Rudolf Nierlich (20. februar 1966–18. mai 1991) var ein austerriksk skirennar frå Bad Ischl i Oberösterreich. Han vart verdsmeister i både slalåm og storslalåm under VM 1989 i Vail, og forsvarte VM-tittelen i storslalåm under VM 1991 i Saalbach-Hinterglemm.
Gjennom sesongane 1988-91 vann han åtte renn i verdscupen i alpine greiner, tre av sigerane kom i storslalåm og fem i slalåm.
Tre månader etter han hadde forsvart posisjonen som verdsmeister i storslalåm, omkom han på heimstaden St. Wolfgang am Salzkammergut då han i kraftig regnver kolliderte bilen sin mot ein husmur.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Rudolf Nierlich» frå Wikipedia på tysk, den 15. desember 2013.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- «Rudi Nierlich» (på engelsk). olympedia.org. Henta 25. januar 2023.