Rudi Gard
Utsjånad
61°34′36.59″N 9°54′29.24″E / 61.5768306°N 9.9081222°E
Rudi Gard er ein gard i Sør-Fron som er særskilt kjend for kulturverksemd i form av konsertar, teater, revy, utstillingar og servering.
Garden er omtalt i 1319, og historia frå 1600-talet av skal vere godt dokumentert.[1] Garden har i periodar vore delt, ein har drive skogsdrift og bureisingsbruk har vorte rydda. Ei seter ved Gålå vert i dag leigd ut til overnatting, og verksemda er prega av bygdeturisme med servering og kulturarrangement.
Prisar og utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]Garden er tildelt Olavsrosa av Norsk Kulturarv og har elles motteke ei rekkje prisar for verksemda. Vertskapet Nina og Øystein Rudi vann Storegutprisen i 2009.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Garden sin nettstad, arkivert frå originalen 24. oktober 2013, henta 5. september 2013
- ↑ «Storegutprisen til Rudi gard». Noregs Mållag.
- Denne artikkelen bygger på «Rudi Gard» frå Wikipedia på bokmål, den 5. september 2013.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell nettstad
- Rudi Gard på Facebook
- Olavsrosa hjå Norsk Kulturarv
- Rudi Gard Arkivert 2013-05-27 ved Wayback Machine. på Gardmillom
- Rudi Gard på Hanen.no