Robert Hope-Jones
Robert Hope-Jones | |||
Fødd | 9. februar 1859 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Hooton | ||
Død | 13. september 1914 (55 år) | ||
Dødsstad | Rochester i New York | ||
Opphav | Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland | ||
Verka som | orgelbygger, musikkinstrumentmaker |
Robert Hope-Jones (9. februar 1859–13. september 1914) var ein engelsk orgelbyggjar, kjend som opphavsmannen åt kinoorgelet. Han fann òg opp ein tåkelur som enno er i bruk.
Hope-Jones var fødd i landsbyen Hooton Grange i Cheshire, England. Som sjefelektrikar i det lokale telefonselskapet fekk han røynsle med lågspenningselektrisitet, og denne teknikken var han av dei fyrste til å overføra til pipeorgelet med heppe. Han fekk ry på seg for å vera mellom dei mest oppfinnsame og banebrytande orgelbyggjarane i Europa.
I 1903 vart Hope-Jones tvungen til å flytja til Sambandsstatane, der han arbeidde for Rudolph Wurlitzer-fabrikken. Her tok livsverket hans form — det klassiske pipeorgelet vart gjennom ei mengd tekniske og musikalske nyvinningar utvikla til eit «Unit Orchestra», særleg tilpassa film- og populærmusikk. Dette instrumentet vann frå fyrste verdskrigen og fram til ljodfilmen overtok på 1930-talet svært innpass på kinoane i Sambandsstatane og Storbritannia, og var på folkemunne kjent som The Mighty Wurlitzer.
Robert Hope-Jones tok sjølvmord i eit hus i Rochester, New York i 1914.