Hopp til innhald

Rindal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rindal
tettstad
Land  Noreg
Fylke Trøndelag
Kommune Rindal
Areal 0,86 km²
Folketal 715  (2023)
Folketettleik 831 / km²
Postnummer 6657 RINDAL
Innbyggjarnamn rindaling
Preposisjon i Rindal
Kart
Rindal
63°03′19″N 9°12′41″E / 63.05527778°N 9.21138889°E / 63.05527778; 9.21138889

Rindal er ein tettstad og administrasjonssenteret i Rindal kommune i Trøndelag. Tettstaden ligg ved fylkesveg 340 vest for Igltjønna, like aust for elvemøtet mellom Surna og bielva Rinda. Rindal er den einaste tettstaden i kommunen og har 715 innbyggjarar per 1. januar 2023.

Tettstaden Rindal består av sjølve sentrum og buområda Brandhaugen, Vestre, Nordre, Gjøåbakken og Kirklandet. Tettstaden har atskilleg trevare- og næringsmiddelindustri. På torget i sentrum står ein statue av den gamle verdsmeisteren i langrenn og kombinert, Sigurd Røen. I sentrum står også fleirbrukshuset Rindalshuset med mellom anna idrettshall, styrkerom, klatrevegg, basseng, kinosal og bibliotek. I nærleiken ligg Rindal barne- og ungdomsskole, Rindal barnehage, Rindal bygdemuseum og ein grusbane. Sør for tettstaden står Rindal kyrkje, ei langkyrkje i tre frå 1874.[1]

  1. «Rindal – tettstedet». Store norske leksikon. 11. desember 2015. Henta 21. april 2018. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]