Randy Barnes
Randy Barnes | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 16. juni 1966 (58 år) Charleston i Vest-Virginia |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1988 |
Eric Randolph Barnes, kjend som Randy Barnes, (fødd 16. juni 1966) er ein USA-amerikansk tidlegare kulestøytar frå St. Albans i Vest Virginia som, etter å ha vunne OL-sølv i 1988 og seinare to VM-medaljar i øvinga, vart olympisk meister i 1996. Han vart i 1998 utestengd frå idrett på livstid, etter å ha vorte dømd for brot mot dopingreglane for andre gong. Barnes sin verdsrekord i kulestøyt på 23,12 meter frå 1990 gjeld også i 2017.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]I april 1986 støytte Barnes heile 21,88 m under eit stemne i Waco. Ein fingerskade hindra han trene ei tid og det beste han makta i 1987 var 20,94 m. OL-sesongen 1988 sette han 24. april i Walnut personleg rekord med 22,11 meter. Han vann så den nasjonale OL-kvalifiseringa i Indianapolis med eit støyt på 21,88 m. Under sommarleikane 1988 i Seoul låg han på fjerdeplass med 21,31 m før den sjette og siste omgangen. Han smelte då til med 22,39 m og tok leiinga framfor austtyske Ulf Timmermann. Austtyskaren svarte då med å auke frå 22,11 m til 22,47 m og viste dermed Barnes til sølvplassen. I august 1989 forbetra Barnes sitt personbeste til 22,42 m.
Den 20. mai 1990 forbetra Barnes verdsrekorden i kulestøyt med seks centimeter til 23, 12 meter i Westwood i California, ein rekord som gjeld også i 2017. Seks dagar etter rekordstøytet landa kula på 23,10 meter i eit stemne i San Jose. 7. august same året vart han doping-avslørd under ei tevling i Malmö og stengd ute i over to år.
Barnes byrja tevle att i februar 1993 og vart USA-meister i juni månad. Under verdsmeisterskapen i Stuttgart vann han sølvmedaljen etter to støyt på 21,80 m, 17 cm bak sveitsaren Werner Günthör. I den neste verdsmeisterskapen, 1995 i Göteborg, støytte Barnes 21,30 m i kvalifiseringa. Trass i at han stoppa på 20,41 m i finalen vann han bronsen i ei heller svak kuletevling.
OL-sesongen 1996 var Barnes den suverent beste kulestøytaren i verda. Han vann den nasjonale meisterskapen i Atlanta 15. juni med 21,37 m, og stod i Rüdlingen i Sveits for årsbeste i verda med eit støyt som målte 22,40 m, over meteren lengre enn det nokon annan kulestøytar nådde i 1996. Under Sommar-OL i Atlanta vann han gullet med sine 21,62 m, 83 cm framom landsmannen John Godina på andreplassen.
Doping
[endre | endre wikiteksten]Den 7. august 1990 testa Barnes positivt på det anabole steroidet methyltestosteron under ei tevling i Malmö og vart dømd til 27 månaders utestenging frå idretten. Tidleg i 1998 testa han positivt på stoffet androstenedione, og deretter utestengd på livstid.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- OL 1988 i Seoul: Sølvmedalje – 22,39 m, bakom Ulf Timmermann (22,47 m)
- VM 1993 i Stuttgart: Sølvmedalje – 21,80, bakom Werner Günthör (21,97 m)
- VM 1995 i Göteborg: Bronsemedalje – 20,41 m
- OL 1996 i Atlanta: Gullmedalje – 21,62 m, framom John Godina (20,79 m)
- VM 1997 i Aten: Nr 14 – 19,51 m
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- «Randy Barnes» (på engelsk). Olympedia.
- Einskildmenn
- Fødde i 1966
- Kulestøytarar frå USA
- Olympiske meistrar for USA
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for USA
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1988
- USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1988
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1988
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1996
- USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 1996
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996
- Dopingsaker i friidrett