Qalansawe
Qalansawe | |||
קַלַנְסֻוָה, قلنسوة, Kalansuwa, Qalansuwa, Kalansoueh[1] | |||
by | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Sentral | ||
Koordinatar | 32°16′56.34″N 34°59′0.27″E / 32.2823167°N 34.9834083°E | ||
Areal | 7,8 km² | ||
Folketal | 18 500 (2008) | ||
Folketettleik | 2 372 / km² | ||
Qalansawe 32°17′06″N 34°58′52″E / 32.285°N 34.981111111111°E | |||
Kart som viser Qalansawe.
| |||
Wikimedia Commons: Qalansuwa |
Qalansawe, òg Qalansuwa, (arabisk skrift قلنسوة, hebraisk skrift קַלַנְסֻוָה; ordet tyder «turban»)[2][3] er ein arabisk by i Sentral-Israel i Israel. I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå hadde byen mot slutten av 2007 eit folketal på 18 500, nesten utelukkande arabarar og nesten ingen jødar.[4] Qalansawe er ein del av Triangelet.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Frå 800-talet og fram til krossfarartida, var Qalansawe stoppestad på vegen mellom Kairo og Damaskus, mellom Lajjun og Ramla.[5]
I krossfarartida vart landsbyen kalla Calanson, Calansue, Calanzon eller Kalensue.[6] I 1128 vart han gjeven til Maltesarordenen av riddaren Godfrey av Flujea.[7][6] Yaqut (†1229) skreiv at Qalansawe og Planborga, som høyrte til krossfararane, var ei borg nær Ramla. Byen vart verande hos Johanittarordenen (utanom i 1187–1191) fram til Baibars tok han i 1265.[6] I denne perioden verka herren av Caesarea å ha heldt på herredøme.[6] Det finst restar av krossfararborga i dag.[6]
Osmansk tid
[endre | endre wikiteksten]I 1596 stod Qalansawa oppført i osmanske skattelister som ein del av Bani Sa'b nahiya i Nablus liwa. Han hadde eit folketal på 29 muslimske hushaldningar og betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, oliven, geiter eller bikubar, og ei presse for oliven eller druer.[8]
Seint på 1800-talet vart landsbyen skildra som mellomstor og sete for ein kaymakam. I sentrum av landsbyen stod eit krossfarartårn og sal, omgjeve av landsbyhus, hovudsakleg laga av adobe. Brunnar og ei kjelde i vest gav dei vatn.[9]
Palestinamandatet
[endre | endre wikiteksten]I folketeljinga i 1931, utført av dei britiske mandatstyresmaktene, hadde Qalansawe 225 hus og eit folketal på 1 069 muslimar, inkludert nærliggande beduinleirar.[10]
I 1945 hadde landsbyen 1540 arabiske innbyggjarar, som i alt eigde 17 249 mål land.[11]
1948 og seinare
[endre | endre wikiteksten]Under den israelsk-arabiske krigen 1948 gjekk jødiske styrkar for å erobre og øydeleggje Qalansawe,[12] men landsbyen vart ikkje teken[13] og berre overført til israelsk suverenitet i mai 1949 som ein del av den israelsk-jordanske våpenkvileavtalen.[14] Politiske omsyn hindra at landsbybuarane vart forviste.[15]
I 1962 hadde landområdet til landsbyen falle til 6 620 mål, hovudsakleg på grunn av ekspropriasjon av landområde av Israel i 1953–1954.[16]
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Qalansawe» frå Wikipedia på engelsk, den 25. juni 2015.
- Barron, J. B., red. (1923). Palestine: Report and General Abstracts of the Census of 1922. Government of Palestine.
- Conder, Claude Reignier; Kitchener, H. H. (1882). The Survey of Western Palestine: Memoirs of the Topography, Orography, Hydrography, and Archeology 2. London: Committee of the Palestine Exploration Fund. (s. 199-201. )
- Doumani, Beshara (1995). «Rediscovering Palestina, Merchants and Peasants in Jabal Nablus, 1700–1900». University of California Press. Henta 7. november 2011. s. 19
- Guérin, Victor (1875). Description Géographique Historique et Archéologique de la Palestine (på fransk). 2: Samarie, pt. 2. Paris: L'Imprimerie Nationale.
- Hadawi, Sami (1970), Village Statistics of 1945: A Classification of Land and Area ownership in Palestine, Palestinsk frigjeringsorganisasjon forskingssentral
- Hartmann, Richard (1910): Die Straße von Damaskus nach Kairo Zeitschrift der Deutschen Morgenländischen Gesellschaft › Bd. 64 (Sitert i Petersen, 2001)
- Hütteroth, Wolf-Dieter; Abdulfattah, Kamal (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft. ISBN 3-920405-41-2.
- Mills, E., red. (1932). Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas (PDF). Jerusalem: Government of Palestine.
- Morris, Benny (2004), The Birth of the Palestinian Refugee Problem Revisited, Cambridge University Press, ISBN 0-521-00967-7
- Palmer, E. H. (1881). The Survey of Western Palestine: Arabic and English Name Lists Collected During the Survey by Lieutenants Conder og Kitchener, R. E. Transliterated and Explained by E.H. Palmer. Committee of the Palestine Exploration Fund.
- Pringle, Denys (1997), Secular buildings in the Crusader Kingdom of Jerusalem: an archaeological Gazetter, Cambridge University Press
- Pringle, Denys (1998), The Churches of the Crusader Kingdom of Jerusalem: L-Z (excluding Tyre), Cambridge University Press, ISBN 0-521-39037-0 t.d. s.161
- Petersen, Andrew (2001): A Gazetteer of Buildings in Moslem Palestine: Volume I (British Academy Monographs in Archeology)
- Robinson, Edward; Smith, Eli (1841). Biblical Researches in Palestine, Mount Sinai and Arabia Petraea: A Journal of Travels in the year 1838 3. Boston: Crocker & Brewster. (p. 47)
- Röhricht, Reinhold (1904). (RRH Ad) Regesta regni Hierosolymitani Additamentum (på latin). Berlin: Libraria Academica Wageriana.
- le Strange, Guy (1890), Palestine Under the muslimar: A Description of Syria and the Holy Land from A.D. 650 to 1500, Committee of the Palestine Exploration Fund
Fotnotar
- ↑ Guerin, 1875, s. 350 ff.
- ↑ The turban tradition in Islam, arkivert frå originalen 9. september 2011, henta 25. juni 2015
- ↑ Palmer, 1881, s.187
- ↑ «Table 3 - Population of Localities Numbering Above 1 000 Residents and Other Rural Population» (PDF). Israelsk statistisk sentralbyrå. 30. juni 2008. Henta 5. oktober 2014.
- ↑ Petersen, 2001, s. 248-249, citing among others Hartmann, 1910, 675, 676
- ↑ 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 Pringle, 1997, s. 77 - 78
- ↑ Röhricht, 1904, RRH Ad, s. 9-10, No. 121a
- ↑ Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 139
- ↑ Conder og Kitchener, 1882, SWP, II, s. 165
- ↑ Mills, 1932, s. 56
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970 s.76
- ↑ Morris, 2004, s. 246
- ↑ Morris, 2004, s. 302
- ↑ UN Doc S/1302/Rev.1 of 3. april 1949, arkivert frå originalen 12. juni 2012, henta 25. juni 2015
- ↑ Morris, 2004, s. 531
- ↑ S. Jiryis (1976). «The land question i Israel». MERIP Reports. No. 37: 5–20, 24–26.