Prinsesse Zelda
Utsjånad
Prinsesse Zelda (プリンセス ゼルダ, Purinsesu Zeruda) er ein oppdikta dataspelfigur frå The Legend of Zelda-serien. Ho er medlem av kongefamilien i Hyrule og speler ei viktig rolle i historia til kongeriket.[1] Sjølv om namnet hennar er i tittelen på serien, kontrollerer spelaren protagonisten Link.[2]
På eit eller anna vis blir Zelda ofte kidnappa eller fengsla av Ganon, i nokre spel òg kjend som Ganondorf.[2] Zelda opptrer i nokre spel som ein av dei vise, og ho har òg i seinare spel vorte framstilt som ein profet. Skaparen av Zelda-spela, Shigeru Miyamoto, har sagt at namnet var inspirert av Zelda Fitzgerald, kona til forfattaren F. Scott Fitzgerald.[3]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «ニンドリドットコム〜青沼英二さんロングインタビュー〜». 7. november 2008. Arkivert frå originalen 7. november 2008. Henta 5. desember 2015.
- ↑ 2,0 2,1 «Gamers urge Nintendo for a playable Zelda». Destructoid. Henta 5. desember 2015.
- ↑ «Amazon.com Message». www.amazon.com. Henta 5. desember 2015.
- Denne artikkelen bygger på «Prinsesse Zelda» frå Wikipedia på bokmål, den 20. februar 2022.