Poel
Poel | |
---|---|
Kyrkje i Kirchdorf på Poel | |
Geografi | |
Stad | Austersjøen |
Koordinatar | 54°00′N 11°26′E / 54.000°N 11.433°E
|
Areal | 36,02 km²
|
Administrasjon | |
Land | Tyskland |
Delstat Landkreis |
Mecklenburg-Vorpommern Nordwestmecklenburg
|
Demografi | |
Folketal | 2 804 (2006) |
Folketettleik | 78 /km² |
Poel er ei øy i Austersjøen i Wismarbukta ved kysten av Tyskland. Ho er ein kommune i landkreis Nordwestmecklenburg, og består av Kirchdorf, den største byen, og dei mindre Timmendorf, Fährdorf, Kaltenhof, Vorwerk og Gollwitz. Øya har eit areal på 36,02 km² og 2 800 innbyggjarar. Med sine fine strender er øya ein populær turiststad.
Namnet på øya kjem frå den germanske lysguden Phol, betre kjend som Balder. I 1612 starta Adolf Friedrich I av Mecklenburg-Schwerin byrjinga av ei festning på øya og i 1619 stod han ferdig. Han var derimot ikkje sterk nok sidan svenskane okkuperte øya i 1631, under trettiårskrigen. I 1903 vart øya gjeven tilbake til Mecklenburg av Sverige. Sidan 1927 har øya vore forbunden til fastlandet via ei vegfylling.
Det er òg bygd festningsverk på den nærliggande øya Walfisch.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Poel» frå Wikipedia på engelsk, den 1. juni 2007.