Hopp til innhald

Pico da Neblina

Koordinatar: 0°48′0″N 66°02′0″W / 0.80000°N 66.03333°W / 0.80000; -66.03333
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pico da Neblina
fjell
Land  Brasil,  Venezuela
Fjellkjede Pakaraima
Høgd 2 994 moh.
Førstestiging 1965[treng kjelde]
Koordinatar 0°48′0″N 66°02′0″W / 0.80000°N 66.03333°W / 0.80000; -66.03333
Kart
Pico da Neblina
0°48′20″N 66°00′19″W / 0.80549444444444°N 66.005358333333°W / 0.80549444444444; -66.005358333333
Wikimedia Commons: Pico da Neblina

Pico da Neblina er det høgste fjellet i Brasil og det høgste i Venezuela om ein ser bort frå delen av Andes som ligg i landet. Dessutan er Pico da Neblina den høgste tepui. Neblina er ordet for ‘tåke’ på portugisisk og spansk. Medlemmer frå den brasilianske hæren var dei første opp på toppen i 1965.

Nordsida av tepuien er verna som ein del av Neblina nasjonalpark i Venezuela, likeins er sørsida verna som ein del av Pica da Neblina nasjonalpark i Brasil. Og saman med naboparken Parima-Tapirapeco nasjonalpark i Venezuela dannar dei eit samanhengjande verna område på kring 80 000 km², kanskje det største system av nasjonalparkar som finst i verdas tropiske regnskogar.

Tidlegare var høgda på Pico da Neblina målt til å vere 3 014 meter, men siste målingar viser 2 994 m.[1]