Hopp til innhald

Peterborough

Koordinatar: 52°35′0″N 0°15′0″W / 52.58333°N 0.25000°W / 52.58333; -0.25000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Peterborough

Peterborough-katedralen
Peterborough-katedralen
Peterborough-katedralen
Plassering
Peterborough is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Cambridgeshire
Distrikt Peterborough
Grunnlagd 655
Geografi
Flatevidd
 - By

343,38 km²
Innbyggjarar
 - By (2008)
   - folketettleik

164 000
  477,6 /km²
Koordinatar 52°35′0″N 0°15′0″W / 52.58333°N 0.25000°W / 52.58333; -0.25000
Diverse annan informasjon
Postnummer PE
Telefon-retningsnummer 01733
Nettstad: www.peterborough.gov.uk
Commons har multimedium som gjeld: Peterborough

Peterborough er ein by og eit administrativt distrikt, med status både som city og sameint styresmakt, i Cambridgeshire i England. Byen ligg 55 km nordaust for Northampton med kring 140 000 innbyggjarar.

Byen ligg ved elva Nene, i eit lågtliggande og flatt område, vest for The Fens. Distriktet omfattar nokre landsbyar, som Wittering og Thorney. Byen er eit jernbaneknutepunkt og eit handelssentrum med teglverk, jernbaneverkstadar, maskin- og næringsmiddelindustri. Byen er eit anglikansk bispesete. Katedralen, som vart innvigd i 1238), er bygd i seinnormannisk stil.

Byen voks opp omkring eit benediktinarkloster frå 655, vart herja av vikingar på på 800- og 1000-talet og øydelagd av brann i 1117. Peterborough fekk status som new town i 1967.

Byen Peterborogh har eit eige fotballag som heiter Peterborough United FC. Dei spelar i Coca-Cola Championship, som er det nest øvste nivået i engelsk fotballiga.

«Peterborough» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]