Palmyra-atollen
Palmyra-atollen | |||
øy | |||
Land | USA | ||
---|---|---|---|
Del av | Linjeøyene | ||
Areal | 3,9 km² | ||
Folketal | 0 (2018) | ||
Palmyra-atollen 5°53′00″N 162°05′00″W / 5.8833333333333°N 162.08333333333°W | |||
Wikimedia Commons: Palmyra Atoll |
Palmyra-atollen er ein atoll på 12 km² i Nord-Stillehavet som er underlagt USA. Dei siste tiåra har ulike forskarar, naturvernarar og andre arbeidsfolk opphalde seg her, toppen 20 personar. Dei fleste av øyane i atollen er samanhengjande, men nokre er også frittliggjande. Den største øya er Cooper Island.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Palmyra vart oppdaga fyrste gongen i 1758 av kaptein Edmund Fanning, som var på veg frå USA til Asia. Atollen fekk namnet Palmyra i 1802 då «USS Palmyra» leid skipbrot på revet. I 1859 la USA under seg øyane i håp om å finna guano som kunne brukast til gjødsel i jordbruket. Då ein ikkje fann noko, vart atollen gjevne til kongeriket Hawaii i 1862. Palmyra skifte eigar mange gonger fram til 1900, då det vart ein del av provinsen Hawaii underlagt USA.
Ei flystripe vart bygt på Palmyra av den amerikanske marinen i 1930-åra, men vart i stor grad øydelagt under andre verdskrigen. I dag finst her ein liten flyplass på Cooper Island, Palmyra (Cooper) Airport. I etterkrigstida har Palmyra-atollen fått større interesse blant naturvernarar, som forskar på El Niño-effekten, global oppvarming, korallrev som forsvinn etc.
Palmyra-atollen er også kjend for ei drapssak frå 1974 som vart kjend i USA som «The Sea Wind Murders».
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Palmyra Atoll» frå Wikipedia på engelsk, den 10. juni 2012.