Otta
Otta | |||
tettstad | |||
Otta
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Innlandet | ||
Kommune | Sel | ||
Areal | 2,16 km² | ||
Folketal | 2 302 (2023) | ||
Folketettleik | 1 066 / km² | ||
Postnummer | 2670 OTTA | ||
Preposisjon | på Otta | ||
Otta 61°46′14″N 9°32′29″E / 61.77055556°N 9.54138889°E | |||
Wikimedia Commons: Otta |
Otta er ein by som er kommunesenter i Sel kommune i Innlandet fylke. Staden ligg i nørdre Gudbrandsdalen. Staden har 2 302 innbyggjarar per 1. januar 2023. Nokre kilometer vestom ligg Dale, ein tettstad med 660 innbyggjarar som funksjonelt er ein del av Otta.
Byen ligg der Otta (Ottaelva) renn ut i Gudbrandsdalslågen. Han er eit trafikknutepunkt der hovudårene mellom Oslo og Trondheim (E6 og Dovrebanen) møter rv15 mot Nordfjord.
Staden fekk bystatus 26. august 2000, og er sammen med Vinstra dei einaste byane i Gudbrandsdalen i tillegg til Lillehammer. Byen tener som handels- og administrasjonssentrum for Nord-Gudbrandsdalen,
På Otta finst der ein to-delt barneskole for elevar frå Otta by og Sjoa, og ein ungdomsskule som også elevar frå Nord-Sel soknar til. Staden har òg ein kombinert allmennfagleg og yrkesfagleg vidaregåande skole som var demonstrasjonsskole frå 2003 til 2005.
Otta har òg hovud- og distriktskontor åt fleire lokalaviser og ein lokalradiokanal.
Folketalsutvikling på Otta | ||||
---|---|---|---|---|
År | Innbyggjarar | |||
1910 | 204 | |||
1920 | 452 | |||
1930 | 881 | |||
1946 | 903 | |||
1950 | 1 027 | |||
1960 | 1 493 | |||
1970 | 1 916 + 272 | |||
1980 | 1 779 + 801 | |||
1990 | 1 511 + 855 | |||
2000 | 1 512 + 816 | |||
2009 | 1 659 + 764 | |||
2012 | 1 687 + 727 | |||
Kjelder:
Tala f.o.m. 1970 viser til Otta + Dale. |