Hopp til innhald

Oslogjengen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Oslogjengen var ei motstandsgruppe i Noreg under andre verdskrigen som dreiv sabotasjeverksemd i perioden 1943 til 1945.

Namn Fødd/død Merknad Dekknamn Anna merknad
Gunnar Sønsteby 1918 - 2012 leiar "Kjakan", "Nr.24"
Andreas Aubert 1910 - 1956
Viggo Axelssen 1912 - 1982
Gregers Gram 1917 - 1944 "Karl Johan" Drept i bakhaldsåtak på Plasskaféen, 13. november 1944
Henrik Hop 1918 - 1988
William Houlder 1917 - 1984
Max Manus 1914 - 1996 "Tollef", "Nr.12"
Martin Olsen 1920 - 1979
Arthur Pevik 1915 - 1974
Birger Rasmussen 1920 - 2007
Tor Stenersen 1917 - 1944 Arrestert 1943, skoten under fluktforsøk.
Edvard Tallaksen 1918 - 1944 Finn Tatt til fange under bakhaldsåtaket på Plasskaféen 13. november 1944;

tok sjølvmord på Akershus festning to veker seinare for å ikkje røpe noko om motstandsrørsla under tortur.

Gruppa stod for fleire militære oppdrag under krigen. Mellom anna "Operasjon Mardonius" (1943) og aksjonen mot Arbeidstenesta sine lokale i Oslo (1944). Manus og Gram dreiv òg propagandaverksemd gjennom «Operasjon Derby» og åtak på tyske skip gjennom «Operasjon Bundle». Oslogjengen stod òg for likvidasjonen av sjefen for tryggingspolitiet i Noreg, Karl A. Marthinsen, 8. februar 1945. Denne likvideringa vart utført av gruppeeininga «Buzzard», som bestod av Aubert og Hop[2]

Då kongefamilien kom tilbake til Noreg 7. juni 1945, fekk Oslogjengen ansvar for tryggleiken deira. Dette vart påskjønna med H.M. Kongens Erindringsmedalje med spenne «1940–1945». Gram, Stenersen og Tallaksen vart alle påskjønna med Krigskrossen med sverd post mortem.

  1. ISBN 82-458-0714-1 Christensen, Jan (2008) Oslogjengen - Europas beste sabotørgruppe, Orion forlag, Oslo
  2. Frå dokumentarfilmen Strengt hemmeligs nettside, arkivert frå originalen 2. februar 2010, henta 12. mai 2012