Oliver
Oliver er eit engelsk manns- og slektsnamn. Det har svensk namnedag den 15. april og norsk den 3. august.
Opphav
[endre | endre wikiteksten]Namnet er avleidd av det normanniske Olivier, som truleg er avleidd av eit germansk namn som Alfher eller Áleifr (knytt til Olaf). Skrivemåten blei påverka av latinsk oliva, 'oliventre'. I katalansk og oksitansk samanheng kan etternamnet Oliver også vera avleidd direkte frå 'oliventre'.
Kortformer av namnet er Oli, Ollie, Noll og Nollie. Kvinnelege former er Olivia og Olivette.
Bruk
[endre | endre wikiteksten]Namnet blei kjend i Vest-Europa gjennom det franske mellomalderske Rolandskvadet, der helten Roland sin ven og rådgjevar heitte Olivier.
Oliver var eit vanleg namn i England i mellomalderen, men etter protektoratet til Oliver Cromwell på 1600-talet gjekk bruken ned. På 1800-talet tok han seg opp igjen, kanskje på grunn av den populære romanen om Oliver Twist skriven av Charles Dickens.
I Noreg tok bruken av namnet seg kraftig opp frå midten av 1990-talet, og gjekk over 1,0 % rundt 2005. I 2009 var det 3 023 norske menn som heitte Oliver.
Namneberarar
[endre | endre wikiteksten]Personnamn
[endre | endre wikiteksten]- Oliver Cromwell (1599–1658), engelsk militærleiar og protektor
- Oliver Goldsmith (ca. 1730–1774), anglo-irsk lege og forfattar
- Oliver Wendell Holmes (1809–1894), amerikansk lege og forfattar
- Oliver Otis Howard (1830–1909), amerikansk general, kjempa for nordstatane under den amerikanske borgarkrigen
- Oliver St. John Gogarty (1878–1957), irsk lege, politikar og forfattar
- Oliver Ernest Goonetilleke (1892–1978), guvernør-general av Ceylon (Sri Lanka)
- Oliver La Farge (1901–1963), amerikansk etnolog og forfattar
- Oliver Reginald Tambo (1917–1993), sørafrikansk politikar og frigjeringsleiar
- Oliver Smithies (f. 1925), britisk-amerikansk genetikar og nobelprisvinnar
- Oliver Edward Nelson (1932-1975), amerikansk jazzmusikar
- Oliver Reed (1938–1999), engelsk skodespelar
- Oliver «Ollie» North (f. 1943), amerikansk offiser
- Oliver Stone (f. 1946), amerikansk regissør
- Oliver Kamm (f. 1963), britisk skribent
- Oliver Riedel (f. 1971), tysk bassist i Rammstein
Slektsnamn
[endre | endre wikiteksten]- Isaac Oliver (d. 1617), engelsk miniatyrmålar
- George Oliver (1841–1915), britisk fysiolog
- Joseph «King» Oliver (1885–1938), amerikansk jazzmusikar
- Turi Gramstad Oliver (f. 1938), norsk kunstnar
- Jamie Oliver (f. 1975), britisk TV-kokk
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Behind the Name - Oliver (vitja 2. august 2009)
- Denne artikkelen bygger på «Oliver» frå Wikipedia på engelsk, den 2. august 2009.