Olesia Zykina
Olesia Zykina | |
Statsborgarskap | Russland |
Fødd | 7. oktober 1980 (44 år) Kaluga |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000 |
Olesia Nikolajevna Zykina (russisk skrift Олеся Николаевна Зыкина, fødd 7. oktober 1980) er ein russisk tidlegare sprintar frå Kaluga. Ho vart i 2002 europameister på 400 meter.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]13. juli 2001 presterte Zykina livsbeste 50,15 sekund på 400 m i Tula, Ho kom så på sjetteplass i VM-finalen på 400 m i Edmonton i 2001. I den same meisterskapen sprang ho Russland sitt lag i mål til bronse i 4 x 400 meter stafett. I 2002 forsvarte ho meistertittelen på distansen ved den russiske meisterskapen i friidrett. Under europameisterskapen 2002 i München sigra Zykina på 400 m då den tyske favoritten Grit Breuer vart slått med 0,25 sekund. På stafetten over 4 x 400 m meter møttest dei to som ankerkvinner, ei tevling der Breuer sikra tysk triumf framfor Zykina og Russland.
Zykina enda på sjetteplass på 400 meter ved VM i friidrett 2003. Russland sitt stafettlag, med Zykina på startetappen, kneip sølvmedaljen 0,01 sekund framom Jamaica. Også under Friidrett under Sommar-OL 2004 i Aten vann Zykina og Russland sølvmedaljen i 4 x 400 m stafett. Året etter vart Zykina for tredje gong i rad nummer 6 i ein VM-finale på 400 meter.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Olesya ZYKINA | Profile | World Athletics
- Denne artikkelen bygger på «Olesja Nikolajewna Sykina» frå Wikipedia på tysk, den 26. august 2023.
- Einskildkvinner
- Fødde i 1980
- Russiske sprintarar
- Europameistrar i friidrett for Russland
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for Russland
- Olympiske bronsemedaljevinnarar for Russland
- Medaljevinnarar under sommar-OL 2000
- Russiske deltakarar under sommar-OL 2000
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000
- Medaljevinnarar under sommar-OL 2004
- Russiske deltakarar under sommar-OL 2004
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004
- Folk frå Kaluga