Olav Martinius Steinnes
Olav Martinius Steinnes | |||
| |||
Fødd | 9. januar 1886 Ørsta kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 26. juni 1961 (75 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet, Nasjonal Samling | ||
Yrke | lærar, politikar | ||
Utdanna ved | Volda lærarhøgskule | ||
Alle verv |
|
Olav Martinus Knutsen Steinnes (9. januar 1886–26. juni 1961) var ein norsk politikar, statsråd i den fyrste regjeringa utgått frå Arbeidarpartiet.
Steinnes voks opp på husmannsplassen Steinane under Ytre Steinnes i Ørsta. Han avla lærareksamen ved Volda Lærarskule i 1910. Dei to påfylgjande åra var han lærar i Namdalen, deretter var han ei rekke år lærar i Rjukan i Telemark. Skulestyrar der frå 1920.
Han var medlem av Tinn heradstyre frå 1915, stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet 1922-36. I 1928 var han statsråd og sjef for Kyrkje- og undervisingsdepartementet (kyrkje- og undervisningsminister) i den kortliva Hornsrud-regjeringa.
Under okkupasjonen vart han medlem i Nasjonal Samling. I 1947 vart han dømd til seks månaders fengsel, tap av stilling med meir.[1]
I tida frå 1935 til 1956 var han skuledirektør for Agder og Stavanger. Dei siste leveåra sine budde han på Stabekk i Bærum i Akershus
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Dale, Bjørn Jonson:Ørstingar I, 1995
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Hovdebygdingar - med vit og von, skrift nr. 11 2003, red. Roar Rønning (Artikkel: Fattigguten ved kongens bord av Skjalg Longva)
Fotnote
[endre | endre wikiteksten]- Einskildmenn
- Fødde i 1886
- Døde i 1961
- Norske kyrkje- og undervisningsministrar
- Statsrådar i Regjeringa Hornsrud
- Ap-statsrådar
- Stortingsrepresentantar frå Ap
- Stortingsrepresentantar for Telemark
- Stortingsrepresentantar 1922-1924
- Stortingsrepresentantar 1925-1927
- Stortingsrepresentantar 1928-1930
- Stortingsrepresentantar 1931-1933
- Stortingsrepresentantar 1934-1936
- Medlemmar av Nasjonal Samling
- Folk frå Ørsta